NEG S15 Kveka

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG S15»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG S15 Kveka er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Kveka. Utsendarar var Andreas Ropeid, Lily Weiser-Aall og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.

Introduksjon til spørjelista

1. Kjenner De til at folk har ”sådd” kvekerøtter når dei la att åker til eng? Kven gjorde det, og når vart det gjort? Hakka dei kvekerøtene før dei ”sådde”?

2. Det er tradisjon om at dei sume stader hadde eit slag skiftebruk med kveke. Dei hadde då kornåker år etter år på same staden til dess kveka vart for tjukk. Så nytta dei dette jordstykket som eng til dess kveka drap seg sjølv og dei kunne ta til med åker att. Kjenner De denne bruksmåten frå Dykkar bygd?

3. Har De høyrt folk skryta av kveka at den var godt enggras, eller kjenner De tradisjon om at folk har gjort så i eldre tid?

Brukt i publikasjonar

  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon : floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973. Utg. Universitetsforlaget. 1974.Digital versjonNettbiblioteket.

Sjå også

Eksterne lenker

  • Kveka (ekstern lenke til spørjelista)