Nikolai Lauritz Hesselberg Grønstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Måleri av Nikolai Grønstad.

Nikolai Lauritz Hesselberg Grønstad (også Nicolai) (fødd på Østre Toten 16. februar 1846, død på Lillehammer 20. juni 1900) var militærlege og samfunnsengasjert borgar på Lillehammer, der han virka frå 1882 til sin død. I 1895 vart han ridder av Vasaordenen. Lokalhistorikaren G. F. Gunnersen skreiv i 1917 følgande om han: "Det skyldes i første række ham at Lillehammer fik sit første, endnu private, elektrisitetsverk, sit bank- og festivitetslokale, et arbeiderakademi og en ynglingeforening, hvor han ofte holdt foredrag! s. 318-319. For ettertida er det nok likevel Søndre Park og arbeidet med å behalde De Sandvigske samlingane på Lillehammer, som er dei synlegaste spora i byen etter han.

Familie

Ragna Emilie Danelius Grønstad var gift med Nikolai.

Grønstad var gift med Ragna Emilie Danelius (1853-1919). Saman fekk dei tre barn: Thora Grønstad (1879-?), Egil Grønstad (1880-?),  og Martha Gudrun Grønstad (1885-?).  

Karriere

Nikolai tok eksamen artium i 1863. Somrane i 1867 og 1868 reiste han til Gudbrandsdalen, Østerdalen, Telemarken på ei stipendiereise for å studere botanikk.

Han oppnådde sin medisinske embetseksamen i 1872. Frå juni 1878 til februar 1879 var han på studiereise til Tyskland, Sveits, Østerrike, Frankrike og Italia med lengre opphold i Wien og Paris for å lære om kirurgi, auge- og hudsjukdomar.

Mellom 1875 og 1880 var han ordførar i Hamar sundhetskommision.

Han vart kompanikirurg i 2. akershusske brigade 3. juli 1880 og tenestegjorde ved Den norske garde i Stockholm til hausten 1881. Då vart han reservelege ved Rikshospitalets hudsykeavdeling.

Han var praktiserande lege i Lillehammer frå 1884 til sin død. Premierløytnant vart han 22 juni 1889, og kaptein 29. mars 1890 i arméens sanitet.

Velforeining, Søndre Park, jernbane og elektrisitet

Feltdagbok frå Grønstad sine reiser for å studere botanikk.

Grønstad var med på å stifte byens velforeining i 1885, Selskabet for Lillehammer bys vel, konstituert 23 april 1885, av Grønstad, amtsingeniør Christie, bankkasserer Bøhmer, gullsmed Frisenberg, kjøpmann Oluf Fagstad. Han var formann for foreininga frå starten av og til han døydde. Han var vidare drivkraft i mange av sakene foreininga engasjerte seg i.  

Ei av dei viktigaste sakene var bygginga av Søndre Park, eit initiativ som vart innvilga våren 1885. Sjølv skal han ha planta mykje i parken. Det var også fleire dyr der, noko Grønstad skal ha insistert på. Dette var ikkje berre populært. På 1890-talet var det ei sak om dyreplageri på grunn av eit ørnepar heldt i fangenskap i parken[1].

Det er fleire minnestøtter i parken, også av Grønstad. Hans minnestein vart avduka 17 mai 1904. Den har ein bronsemedalje med brystbilde, som er eit verk av bildehoggar Anders Svor.  

I 1889 la Nikolai og overlærar Karl Nilsen, la fram forslag for kommunestyret om å anbefale jernbane, ei Gudbrandsdalsbane. mellom Hamar og Lillehammer - Tretten, men vart nedstemt med ordførerens dobbeltstemme. Motstanden handla om frykt for at byens borgarar ville reise ut av Lillehammer for å gjere handelen sin. I 1890 bestemte Stortinget at banen skulle byggast. Opninga av jernbanelinja Hamar-Tretten blei feira med stor fest der Grønstad var medlem av festkomiteen, 25. sept. 1894. Sandvig skildrar korleis Grønstad følgde HM kongen rundt i selskapet og presenterte gjestene for han[2].  

Dei same personane som arbeidde med Søndre Park var også involvert i elektrifisering av Lillehammer. Dette arbeidet starta i 1892, med ein komité der Grønstad deltok i lag med gullsmed Julius Frisenberg (1844-1900), som hadde sett elektriske lyset på kontinentet vasskraftutbygging. I tillegg deltok kjøpmann Fagstad, spinnerimester Johnsen og verksmester Stenersen. Kraftanlegget kom i okt. 1894. Grønstad var formann for "As Lillehammer Elektrisitetsverk" mellom 1894 og 1900.

Grønstad satt i byggekommiteen for bygging av Lillehammer Sparebank i 1895, som vart teikna av arkitekt Ove Ekman (1847-1921).

Ved Lillehammer Høiere skole var Nikolai skolens lege "sanitets-kaptein" Grønstad, og distriktslege Jens Torp. Grønstad engasjerte seg også i skulepolitikken. Han tok initiativ til skøytebane midt på 1880talet sidan isen på Mjøsa kunne vere farlig. Eit anna prosjekt var bygging av badedam, grunna i skoleungdom sine behov for å lære å svømme, i 1893. Badedammen vart bygd, men kom ikkje før i 1900, året han døydde.

Politiske verv

I 1885 vart Grønstad valt inn i Lillehammer kommunestyre. I perioden 1889-91 var han stortingsrepresentant frå opplandsbyane, som 'suppleant’, altså vara stortingsrepresentant for Lillehammer og Hamar. Mannen han var vara for, var seksjonsingeniør Peder P. Nielsen.  

Kaffimotstander

I 1885 skal Grønstad ha kalla kaffi for ei "nationsulykke". "Den graagule hudfarve og den slette ernærings tilstand, som man saa almindelig finder blant arbeiderklassen her, især blant kvindene, er en følge af kaffemisbrugen"[3].

De Sandvigske samlinger

Grønstad var i følgje tannlege og museumsperson Anders Sandvig sjølv ein samlar, men heldt seg til våpen. Ein komité sett ned av Grønstad, overrettssakfører Simen Fougner, E. Olsen Berg, overrettssakfører Schey og amtsingeniør Aubert arbeidde med å få byen til å overta Sandvig si store samling av museumsgjenstandar. Sjølv då Grønstad var svært sjuk, same året han døydde, tala han i bystyret for at samlinga skulle kjøpast av byen. To år seinare, i 1902 tok Selskapet for Lillehammer Bys Vel over samlingane, og medlemmane garanterte for kjøpesummen i tilfelle det ikkje skulle komme bevilgningar til ho.

Referansar

  1. Bærøe 2003 s. 200.
  2. Sandvig 2001.
  3. Feiring 2004 s. 397

Kjelder og litteratur

  • Bergaust, Tore Edvard 1992. Søndre park. En jubileumsberetning. I: Fåberg og Lillehammer. Lillehammer i 1890-årene. Et lokalskrift utgitt av Fåberg historielag.
  • Bjerke, Rich. 1954. Lillehammer elektrisitetsverk gjennom 60 år.  
  • Bærøe, Per R. 2003: Sunnhet, skjønnhet og brennevinshandel. Mer nytt fra den gamle byen. Lillehammer 1847-1927.
  • Feiring, Trond 2004. Lillehammer og Fåbergs historie. Byen og bygda. Materiell vekst og kulturell blomstring. Bind 2.
  • Folketellinga 1885 for Lillehammer, https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01053260000411  
  • Gunnersen, G. F. 1917. Lillehammer i nitti år.
  • Hosar, Kristian 1992. Da lyset kom til byen. I: Fåberg og Lillehammer. Lillehammer i 1890-årene. Et lokalskrift utgitt av Fåberg historielag.  
  • Koren, Aug. 1916. Bidrag til Norges militære sanitets historie i det 19de aarhundrede. Kristiania
  • Lødrup, Henrik, M. Nymoen, Karl Skallerud, Magne Thingelstad 1949. Lillehammer høyere skole 1849-1949: Jubileumsskrift.
  • Mathisen, Ola Matti 1992: Hvorfor Sparebanken bygde Banken. I: Fåberg og Lillehammer. Lillehammer i 1890-årene. Et lokalskrift utgitt av Fåberg historielag.
  • Norske militærleger 1882-1907. Biografier og billeder (1907)
  • Sandvig, Anders 2001. I praksis og på samlerferd. Maihaugen årbok 2001

Eksterne lenker