Nygård (Bykle gnr 12/6)
Nygård | |
---|---|
Nygård 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
| |
Alt. namn: | Tjønnimidjom |
Rydda: | 1922 |
Utskilt: | 1922 |
Stad: | Nordbygdi |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 12 |
Type: | Bureisningsbruk |
Nygård låg på ein flate mellom Lisletjønn og Storetjønn under liane opp mot Glova i Bykle kommune. Næraste grannebruket på vestsida er Lisletjønnhaugen, går ein austetter kjem ein til den gamle mosdølplassen Vedbakk. Bruket ligg såvidt høgt i terrenget at det ikkje vart neddemt.
I matrikkelen er det oppført med namnet Tjønnimillom, og etter det Alfred Ryningen opplyser (h.oppgv. 1968, 58) er det eit gamalt namn på dette området. Men etter at det kom småbruk her, har det vore kalla Nygård. Korleis dette namnet kom opp, er ukjent.
Det var Ånund Mikkelsson frå Holen Der uppe som sette i gang med bureising her. Han var yngste son av Mikkel Olavsson Nesland og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Holen.
- Ånund Mikkelsson Holen, f 1900, d 1972
- g 1924 m Margit Sigbjørnsdtr. Løyning, f 1903, d 1990. Born:
- Ingebjørg, f 1925, husmor, bunadssaumar, g 1950 m Kjetil Olsson Brottveit (jfr. Valle IV, 459), born:
- Olav f 1951, g m Torunn Olsen, busett Tvedestrand
- Gudrun, f 1954, busett Oslo, ug.
- Ånund f 1960, g m Eva Ballo, busett Oslo
- Knut f 1965, busett Oslo
- Folke, f 1955, g m Anne Liv Sandnes
- Ånund f 1958
- Torunn g m Kristoffer Nore
- Gunhild, f 1932, handarbeidslærar, g m Rolf Ranheim, busett Helgeland, born:
- Sigrid, f 1937, d 1946, sjå nedanfor
- Mikkel, f 1940, ind.arb., g m Sissel Mona Lindtveit, Rykene, busett Rykene, born:
Margit Sigbjørnsdotter kom frå Løyning under Vatnedalen. Foreldra var Sigbjørn Knutsson Vatnedalen og kona, Marta Sjursdotter, fødd Vatnedalen.
Bruket her vart utskilt frå Der uppe i 1922, og dei neste åra bruka Ånund på dyrking og husbyggjing. I 1924 sto uthuset ferdig, og året etter var stoga på plass. Ho hadde ei grunnflate på 96 m², og var i halvanna høgd. Buskapen på bruket var 2-3 kyr og ei handfull sauer. Det dyrka arealet her, som Ånund rudde og braut opp med handmakt, er på 17 mål. Utmarka er ca 70 mål.
Sigrid Ånundsdotter døydde som fylgje av at kleda hennes tok fyr under bråtebrenning. Ho vart då så redd at ho sprang avstad, så dei fekk ikkje hjelpe henne med å sløkkje. Etter ulukka var ho så forbrent at ho døydde av skadane etter noko meir enn eit år på sjukehus.
Margit og Ånund budde på bruket her til han døydde i 1972. Ho flutte då til sonen Mikkel på Lindtveit i Rykene ved Arendal, og livde sin alder ut der. Mikkel overtok eigedomen etter faren.
I 1980 brann alle husa på bruket ned til grunnen på grunn av ei kortslutning i ei høgspentline. Etter dette har Mikkel sett seg opp ei hytte
Nygård (Bykle gnr 12/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Haugo • Neste bolk: Holenplasset |