Nysæter (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nysæter
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Sykkylven

Nysæter er ein fråflytta fjellgard i Sykkylven kommune. Her var tidlegare fast busetjing gjennom fleire hundre år. Segna seier at det budde folk på Nysæter før svartedauden i 1349/1350, men at sotta herja så alle døydde og garden vart liggjande øyde i 100 år. Truleg var det Ramstad-folk som tok til å bruke Nysæter som seter etter øydegardstida.

Nysæter ligg ved Nysætervatnet, mellom Velledalen og Ramstaddalen. Det er om lag same avstanden frå Nysæter til næraste gard i Velledalen som til næraste gard i Ramstaddalen. Garden ligg avsides til, derfor vart vegspørsmålet sentralt. Skuleborna frå Nysæter gjekk på skule på gardane i Ramstaddalen då det var omgangsskule. Etter at det vart fastskular, gjekk borna til skulestova i Fausadalen. Og veg til sjøen var viktig i eldre tid då Nysæter-buarar som alle andre i bygda dreiv fiskeri til havs.

Turistrute

I 1843 søkte dei to brukarane på Nysæter heradsstyret i Ørskog, som Ramstaddalen då var knytt til, om veg frå Fasteindalen til Nysæter. På same tid søkte fleire brukarar i Ramstaddalen om at ein slik veg ikkje måtte byggjast. Det vart gjort slikt vedtak i heradsstyret: «Dersom brukerne på Nysæter vil oparbeide og holde vedlike vei frå Nysæter til fremste Ramstad-sæteren, så vil de på den nordøstre siden også bygge og vedlikeholde vei til fremstesæteren.»

Det nyskipa Aalesund Sunnmøre Turistforening ytte i 1890 100 kroner i tilskot til veganlegget mellom Drotninghaug og Nysæter, for vegen hadde gode vilkår for å kunne bli ein ettertrakta turistveg. Ved dugnad forsommaren etter vart vegstubben fullført, men grusing stod att. I juli 1891 stod det i Aalesunds Handels- og Sjøfartstidende: «Nysæterveien er nogenlunde i stand, saa den uden ulempe kan kjøres.» Same året skreiv ein professor i London, Ebenezer Prout, i Sunnmørsposten mellom anna: «Turen til Søvig, derfra til Nysæter (op Ramstaddalen) og videre til Drotninghaug og ned Velledalen til Aure er en af de mest storslagne jeg har seet under 9 somres turistbesøg i Norge.» Denne turen kalla dei den tida «å køyre rundt», og på fine helgedagar kunne ein sjå ei lang rekkje hestekjerrer på vegen ned Velledalen.

Heimefiske i vatnet

Nysæter låg så høgt at det vart kort sommar. Snøen låg lenge, men når det vart bert, gjekk det fort. Dei hadde eit merke på når dei kunne ta til med slåtten. Det var når snøen ikkje rakk lenger ned enn til Ihlje-sletta (= Litlesletta). Våronna og slåtten gjekk mykje godt i eitt. Og hausten kom fort. Eitt år køyrde dei inn siste hesjane i måneskin. Og dei måtte ofte skuffe snøen av potetfôrene når potetene skulle takast opp.

Frå tidleg på 1800-talet var det to bruk på Nysæter, Lassegarden og Pettergarden. Brukarar på begge gardane dreiv landbruket i kombinasjon med fiske på kysten. Dei dreiv også med heimefiske på Nysætervatnet. Frå midten av august og ut over hausten dreiv dei garnfiske så å seie dagleg.

Etter krigen har det ikkje vore fast busetnad på Nysæter. Markane her har vore nytta både til slått og beite. Elles har husa for ein del vore leigde ut til turistar. Mange byfolk hadde sitt faste opphald på Nysæter om somrane og i jakttida om hausten. Mellom andre var den landskjende redaktøren av Aftenposten, Amandus Schibsted, fast gjest på Lassegarden, og han skal ein gong ha sagt at Nysæter var den vakraste staden i landet.

Kjelder

  • Årbok for Sykkylven 2014.
  • Gardssoga for Sykkylven bd. 4.