Olaus Alvestad (fødd 1866 i Haram, død 1903 på Voss) var lærar og folkehøgskulemann. Hans fulle namn var Peter Olaus Nielsen Alvestad. Då han underviste på Nordhordland Amtsskule budde han saman med familien til skulestyrar Leonhard Næss. Det er derfor ikkje usannsynleg at noko av den iherd og store fagnad for det norske språket han såg hos Næss kan ha virka inn på den framtid han seinare fikk. I 1898 gav han ut den mykje brukte Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomlag. Songboka kom i mange opplag og utgåver på 1900-talet.