Olav Pålsson Vollen Søberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Pålsson Vollen Søberg (fødd 1840, død 1927) var husmann i Fyresdal.

Olav Pålsson Vollen Søberg (Olav Vodden) Foto: Bendik Taraldlien 1918
Olav og Gjertrud Søberg med geitene og besøk. Foto: Bendik Taraldlien 1919

Slekt og familie

Olav Pålsson var fødd i Nedstoga i Åraksbø 16. januar 1840 som nummer to av ni søsken og halvsøsken. Foreldra var Pål  (1817-1881) og Kjersti (1816-1880). Etter å ha budd i Nedstoga nokre år budde dei seinare som husmannsfolk på Vollen i Åraksbø.

Foreldra til Pål var Olav Pålsson Frøysnes d.e. og Sigrid Aslaksdotter Fosslid, medan foreldra til Kjersti var Knut Olavsson Nordenå og Gunne Olavsdotter Rosevall.

Årsaken til at Olav Pålsson kom over heiane frå Setesdal til Telemark i ung alder er ikkje kjent, men som 22-åring finn me han på Lauvik i Skafså der han er inne til sesjonen. Seinare same året er han tenestegut på Haugom (Nedre Haugane) i Hauggrend.

Giftermål

I 1863 gifte Olav seg med Anne Gjertsdotter Bergedalen (1838-1894). Bergedalen var ein plass under Foldsæ og det var foreldra hennar som hadde rydda denne plassen.

Det vart lyst for dei på vanleg måte, dette finn vi i digitalarkivet:

Ægteviede. 6. april 1863.

Ole Poulsen (Bergland?) Volden. Bustad: !. af Bygland. 2 Hauggrend. Alder ved vigsel 23 ½ år. Far:  Poul Olsen Uren i Bygland.

Forloverar: Endre Sigurdsen Haugan og Ole Gjermundsen Rui. Lysingsdagar: 1., 8. og 15. mars 1863. Kravd av brudgommen.

Og pige Anne Gjertsdatter Bergdalen. Alder ved vigsel 26 ½ år. Far: Gjert Olsen Bergdalen. Begge er koppevaksinert.


Olav og Anne sette straks dei var gifte i gang med å rydde sin eigen heim oppe i Foldsæ-skogen like i nærleiken av Bergedalen. Dette er i ei grend med fleire husmannsplassar, dei andre er  Bergedalen, Solheim, Renneberg og Neirebø. Plassen sin kalla dei Søberg. Dei fekk 6 born som voks opp. Dette er den einaste familien som har budd på Søberg.

Anne døydde i 1894 og i 1903 gifte Olav seg opp att med Birgit Olavsdotter frå Eidsborg, ho var dotter til Olav Tjurrgrånflaten (Rui). Dei hadde ikkje born saman. Birgit var så inderleg glad i geitene sine, noko Olav hadde lett for å erte henne med. Olav døyde i 1927.

Plassen Søberg

Ved folketeljinga i 1865 var plassen framleis under opprydding. Dei hadde bare nokre småfe, og det var smått med dyrka jord. Seinare fødde dei gjerne ei kyr og nokre sauer, men då måtte dei skøyte på med høy frå myrar og heislåtter. Jorda var mager og skrinn, men innover heiane låg stølar med fint og feitt gras,  og det var livberging inntil plassforet i det vesle fjøset vinterdagane då Olav kom dragande med små høylass langt innafrå heiane.

Livberging for seg og sine fann han i tømmerskogen i Foldsæliane og innover skogane mot Roan. Der svinga han øksa vinteren til endes i all slags vêr, med fillete klede og ei skarve lerretsskjorte, varm og sterk som han var. Det var sæbyggjegrot i han vart det hevda som rett var.

Stova var særs spartansk, men som regel lyste det  frå åren der det brann tyri feitt og raudt, det lyste så varmt og godt over stovegolvet som var kvitskura og ujamt av slit og elde. Kom du innom fekk du alltid tilbod om mat og drikke.

Dei var kristne både Anne og Olav, var mykje i kyrkja og gjekk til alters. Den dagen var dei stille og høgtidssame, det var helg og vørdnad for handlinga.

Den gamle kjempa braut saman ein vakker vårdag medan han satte poteter og døydde ikkje lenge etterpå. Dei siste dagane kunne han sitte litt ute i stolen sin og sjå drøymande mot Foldsæ-liane.

Bibelen på Søberg

Den første fullstendige bibelen på norsk fikk Det Norske Bibelselskap trykt i 1854.  Nytt opplag måtte til i 1857, og i 1862 kom så det tredje opplaget.  Eit eksemplar av denne fekk Olav og Anne av Det Norske Bibelselskap som gåve då dei gifta seg.

På innsida av permen står det å lese:

Anne Jertsdatter Søberg født 1838 og Olav Paulsen Søberg født Den 16. januar 1840.  Skrevet den 6. April 1889.

Og på tittelsida:

Denne Bibel, der af det norske Bibelselskabskontor afdeling i Moland er skjænket Ole Poulsen Sydberg med Familie til Veiledning, Formaning og Trøst, maa ikke sælges, pantsættes eller paa anden Maade afhændes. –

Molands Prestegaard den 12 Novbr 1863

I A Teisner

Dette er førd i pennen av soknepresten Iver Andreas Teisner.

Etterskrift

Husa vart raskt borte etter at Olav døydde. Stova vart flytta og satt opp som fjøs på nabobruket Solheim. Dei tri andre bygningane, mellom anna eit fint lite bur, gjekk til ved.

Staden er lett å finne, sydvendt som han ligg mot Roan. Her er grunnlendt, men med djupe renner inniblant der det nok kunne vere god åkerjord. Svære steinrøyser vitnar om at det har vore strevsamt å rydde her. Ein solrik stad.

Etter at Bergit var død fekk Targjei Bergedalen (1910 - ) på Solheim Gnr. 92/18  kjøpe Søberg og slå det saman med Solheim slik at det vart ei brukseining.

Olav vart gravlagd på Veum kyrkjegard, ved Veum kyrkje dei sokna til. Grava lar seg i 2021 ikkje påvise.

Fotogalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Digitalarkivet Ægteviede. 6. april 1863.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III. Fyresdal kommune 1992
  • Aabø, Arne T.: Olav Pålsson Vollen – ein setesdøl under Roanfjell i Fyresdal. Jol i Setesdal 2001.