Ole Jensen Nerødegård (1916–1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet på kyrkjegarden på Raufoss i heimkommunen Vestre Toten.
Foto: Tor Olav Haugland (2019).

Ole Jensen Nerødegård (født 12. juli 1916 på Vestre Toten, død 30. april 1940 på Lesjaskog) var gardsarbeidar i Vardal.

Han var son av Jens A. Nerødegård (f. 1872) og Marit f. Skaran (f. 1878), som båe var frå Valdres. Under kampane våren 1940 var han oppsett ved andrebataljon av Østoppland Infanteriregiment nr. 5 og deltok i felttoget gjennom Østerdalen over Folldalen og Hjerkinn og følgde nok den reorganiserte styrken under major Trygve Sandvik som vart trekt til Dombås og så evakuert vestover. Dei kom til Lesjaskog 30. mai og vart utsett for kraftig bombing. Nerødegård døydde av ein bombesplint i ryggen og vart ikkje attfunnen att før 20. mai i ei myr ved Krossom nokre hundre meter vest for Lesjaskog kyrkje. Han vart gravlagt same dag på Lesjaskog kyrkjegard, teke opp att og sendt til Raufoss 31. mai.

Namnet hans står på minnesteinen på Lesjaskog.

Kjelder