Ole Møen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Møen (fødd 6. januar 1811, død 29. mai 1871) var orgelbyggjar og husmann. Han var ein av dei 106 som drog ut 1850 frå Trondhjem for å grava gull.

Tidleg liv

Ole Møen vart født på garden ØvreYtterøya i Trøndelag, i dag del av Levanger kommune. Han var son av Ingeborg Martha Øvre (1781—1849) og regimentsbørsemakar Anders Larsen Møen (1761—1846). Far hans kom frå garden Søsto Rise i Oppdal,[1] etternamnet Møen må koma av at farmora kom frå ein av Mjøen-gardane i same bygda. Det sto nokså greitt til på Øvre i 1816: I sylvskatten det året vart nemleg faren likna for 35 spd., og mormora Olava vart likna for 3 spd. til. Dessutan hadde faren vori valmann på amtsforsamlinga for Nordre Trondhjems amt 25. mars 1814.[2]

Møen gjekk til å byrja med i fars fotspor og lærte børsemakarhandverket i Trondhjem, men gjekk seinare i retning av orgelbyggjing. Han bygde iallfall to orgel, og sette i stand minst to. Han bygde også eit par piano, og laga også andre ting av tre, som skrin og bord. Historikar Oddvar Grønli skildrar han som «ein overlag haghendt mann».

Over dammen

I 1850 var utvandringa frå Norge til Amerika godt i gang sønnafjells, men ho hadde nesten ikkje råka Trøndelag. Men dette året vart ein ekspedisjon av Trondhjem utrusta for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Ein av dei var Ole Møen, og han drog ut med skuta «Sophie» i slutten av oktober 1850, saman med 105 andre håpefulle gullgravarar, alle menn, og dei fleste av dei trøndarar. Med om bord «Sophie» frå Ytterøya var også Lars Christophersen Steensem (1818—1851), ein fetter av Ole Møen.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, eit tilbod 74 av dei 106 nordmennene slo til på. Da dei kom til den nye kolonien som med tida skulle bli byen Joinville, valte 13 av dei å reise heim med den norske skuta «Colon», som hadde brakt tyske og sveitsiske kolonistar dit. 61 nordmenn valte å bli, iallfall for nokre år, og vart skrivne inn i den lokale lista over innvandrarar.

Steensem var ein av desse, og han døde i Joinville seinare same året. Møen var derimot ikkje mellom desse 61. Han var heller av dei som ikkje slo til på tilbodet i fyrste omgang, for han skal ha vorti verande i Rio de Janeiro ei stund, og det ser ut som om han hadde noko med orgelbyggjing å gjera der i byen. Han skal også ha vori i California ei tid, men det kan ikkje ha vori tale om eit særleg langt opphald: Ifølgje Grønli må han nemleg vera kommen heim att ein gong våren eller sommaren 1851, for ikkje lenge etter hadde han bygd eit orgel til «den gamle steinkyrkja på Levanger», og dette orgelet var klart da det var prostevisitas der 6. oktober 1851.

Heime att

Ole Møen gifte seg i Hegra i Stjørdal 9. april 1861 med Frederikke Augusta Grønning (1840—1885). Dei budde på ulike husmannsplassar under Øvre, der broren Lorentz Møen var gardbrukar. I 1865 budde dei på Stenberget, seinare på Hokstad. Det var nok ikkje store tilhøve på nokre av plassane: Møen døydde i 1871, og i folketeljinga 1875 står at enka var «Lærerinde», og at ho sådde ei kvart tønne bygg, trekvart tønne havre, fire tønner poteter, og litt rotfrukt. Av husdyr hadde ho ei einaste ku.[3]

Familie

Ole Møen og Frederikke Augusta Grønning fekk to søner:

  1. Anders, født 1861, utvandra til USA i 1879. I 1927 budde han i New Jersey, var gift og hadde tre born.
  2. Herman, født 1866, døydde før 1927. 1900 budde han framleis på Hokstad og var bokbindar, 1910 hadde han flytt til ein annan plass.

Virke som orgelbyggjar

Ole Møen bygde iallfall to orgel. Fyrst bygde han orgel for Sakshaug gamle kyrkje på Inderøya, i 1847 eller 1848, og han tente 350 spd. på det. Orglet vart ståande der til 1873, og stod seinare i kyrkja på Ytterøya fram til 1890. Det året vart kyrkja rivi, og delar av orglet åt Møen vart nytta att i eit nytt kyrkjeorgel til Sokndal kyrkje. Etter han kom tilbake frå Rio de Janeiro, bygde han nok eit orgel til Levanger gamle kyrkje. Det stod i den kyrkja frå 1851 til 1868, da kyrkja vart rivi ned, og i nye Levanger kyrkje frå 1870. Orglet brann saman med kyrkja den 12. desember 1877.

Utenom dette sette Møen i stand to orgel til: Han sette i stand orglet i Stiklestad kyrkje rundt 1860, og i 1863 henta han eit gammalt orgel frå Bakke kyrkje i Trondhjem og sette det i stand til bruk i Verran kyrkje. Dessutan er det mogleg at han hadde noko å gjera med orgelbyggjing i Rio de Janeiro: Sonen Anders Møen opplyste nemleg Grønli om at faren hadde ei teikning av eit orgel bygd for ei kyrkje der i byen.

Noter

  1. Oppdal bb 2 s. 434-435.
  2. Riksforsamlingens forhandlinger, s. 419-420.
  3. Hogstad i folketelling 1875 for Ytterøy prestegjeld fra Digitalarkivet.

Litteratur

Lenkjer