Olga Kristoffersdatter
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olga Kristoffersdatter, òg omtala som Olga Olsen, (født 21. juni 1886 i Sør-Aurdal, død 1967 i Vestfold) var fotograf.
Ho var dotter av skreddar Kristoffer Olsen (f. 1851 i Sør-Aurdal) og Marit Eriksdotter (f. 1846 i Sør-Aurdal). I folketeljinga 1910 finn vi ho på Øvervold i Sør-Aurdal, der ho budde i lag med foreldra og to systrer. Ho er oppført som ugift fotograf. Ho var utdanna hos J.L. Nerlien i Kristiania og arbeida hos fotograf Neste på Fagernes. Omkring 1930 leigde ho forretninga til Neste i eit år.
Ifølgje gardshistoria for Sør-Aurdal flytta familien seinare til Vestfold, og Olga opna fotografforretning i Tønsberg.[1] Ho dreiv òg forretning på Teie på Nøtterøy. Nøtterøy Foto A/S vart kjøpt av Wolfgang V. L. Riedel i 1940.
Referansar
- ↑ Gjermundsen 1987: 638.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Olga Olsen på Digitalt museum.
- Olga Olsen på KulturNav
- Skjema Bagn Bygdesamling 03.10.1997
- Fotografregister : oversyn over ein del av fotografene med tilknytning til Valdres (upublisert manuskript i Preus museum, 2011)
- Upublisert materiale i Preus museum (2012)
- Olga Kristoffersdatter i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.