Olina Solheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olina Solheim 100 år, omtala i Aftenposten 23. oktober 1935: «I alle år har hun været en arbeidets kvinne, og fremdeles kan hun pusle med litt av hvert».

Olina Solheim (fødd på Fauske i Naustdal 23. oktober 1835, død 2. januar 1938) vart over 102 år gammal. I over 40 år var ho husmannskone på plassen Hogane under Solheim (bnr. 1) i Naustdal.

Ho var ikkje gamle jenta då ho vart sendt til skogs for å geite smalen. Då møtte ho både gråbein og andre rovdyr. Som ung kom ho til Ulltang, ein gard som ligg midt mellom Førde og Naustdal. Seinere tente Oline på Hellevik ved Flora, der ho mellom anna drog not.

Ho vart i 1872 gift med Elias Olsen Solheim (1847-1903). Ekteparet på Hogane fekk døtrene Oliana Bergit (f. 1871) og Nikolina Johanna (f. 1875). Det var mykje tungt arbeid for Oline og mannen; dei bar mellom anna høy heim frå fjellet. Ho arbeidde òg på gardene.

I 1915 flytta ho til dottera i Bergen. I samband med 100-årsdagen i 1935 vart ho intervjua av Bergens Tidende. Ifølgje overskrifta var ho «byens eldste». Året etter vart Olina Solheim intervjua av Theodor Bernhoft Osa i NRK, og innslaget vart sendt i programmet Hva Nu.

Også to av syskena vart gamle.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.