Oskar Ingvald Aarsbog (1917-1940)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Oskar Ingvald Aarsbog (født 13. juli 1917 i Kvernes, død 30. april 1940 på Lesjaskog) var fiskar.
Truleg deltok han i felttoget gjennom Østerdalen over Folldalen og Hjerkinn, i ein reorganisert styrke under major Trygve Sandvik som vart trekt til Dombås og så evakuert vestover. Dei kom til Lesjaskog 30. mai og vart utsett for kraftig bombing. Aarsbog hadde truleg søkt dekning i kjellaren på Lesjaskog handelsforening då det huset vart treft av ei bombe og trykket sendte utgangsdøra over han slik at han døydde. Gravlagt same dag på Lesjaskog kyrkjegard, teke opp att og sendt til Vevang.
Namnet han står på minnesteinen på Lesjaskog.
Kjelder
- Amundgård, Arne: Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940-1945. Utg. [Arne Amundgård]. Bøverbru. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket. side 41 og 47.
- Jensen, Jørgen 1956: Operasjonene i Sør-Trøndelag og nordre del av Hedmark fylke Digital versjon på Nettbiblioteket side 173 .
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1951, bd. 4 Digital versjon på Nettbiblioteket side 134.
- Oskar Iversen i folketelling 1920 for Kornstad herred fra Digitalarkivet.
- Oskar Ingvald Aarsbog i Historisk befolkningsregister.