Ottar Nesje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottar Nesje (fødd 24. januar 1899 i Biri, daud 23. juni 1975) var lærar.

Han var son av lærar Bernt Nesje og Inga f. Vaardal. Faren arbeidde ved Øverbygden skole i Biri. Rundt 1910 kom familien til Solhaug i Vardal kommune. I 1916 gjekk han ut av middelskulen i Gjøvik.

Han gifta seg i 1917 med Lydia f. Hornes (1901–1959). Samtidig studerte han, og gjekk ut av Volda lærarskule i 1919. Han vart tilsett ved Oppdal ungdomsskule i 1920 og Sunnfjord ungdomsskule i 1925. På nyåret 1946 tok han over som rektor ved Viken kristelege ungdomsskule i Gjøvik. Då han måtte trekkje seg grunna dårleg helse i 1960, flytta han attende til Førde. Her stilte han opp som timelærar på Sunnfjord ungdomsskule, etter kvart som styreleiar og konstituert rektor.

Fleira av borna deira vart lærarar; Odd, Atle og Kirsti. Elles var Odd Nesje ihuga indremisjonsmann, og dessutan aktiv «i misjonsarbeidet elles». Han vart 76 år og er gravlagd med kona i Førde.

Kjelder