Odd Nesje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Nesje
Foto: Norske skolefolk, 1952

Odd Nesje (fødd 31. mars 1920 i Oppdal, daud 19. januar 2001 i Førde) var lærar.

Han var son av rektor Ottar Nesje (1899–1975) og Lydia f. Hornnes (1901–1959). Faren vart rektor i Førde i 1926, men var opphavleg frå Gjøvik og vart seinare rektor der.

Odd Nesje tok eksamen artium ved engelsklinja på Gjøvik høgare skule i 1940 og byrja på Levanger lærarskule. I 1942 var han utvist i samband med sympatistreik under lærarstriden. Endeleg gjekk han ut av Hamar lærarskule i 1946.

Han gifta seg i 1946 med Jofrid Huseklepp. Dei fekk fire døtre mellom 1947 og 1953, men same år døydde ho. Odd Nesje gifta seg opp att med Aslaug Hårklau; dei fekk ein son og tre døtre mellom 1958 og 1963.

Odd Nesje arbeidde ved Naustdal framhaldsskule frå 1942 til 1952, bortsett frå det året han studerte i Hamar. I 1952 var han tilsett ved Førde skule, kor han blei verande. Politisk høyrde han til Venstre. Han vart 80 år og er gravlagd i Førde.

Kjelder