Peder Johnsen (eidsvollsmann)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skippergaden 43 i Kristiansand. Peder Johnsen kjøpte dette i 1814 og budde der med familien så lenge han levde.

Peder Johnsen (fødd i Dypvåg i nåverande Tvedestrand kommune 1783, døypt 30. november det året, død i Kristiansand 10. juni 1836), var underoffiser, rekneskapsførar ved marineverftet i Kristiansand, styrmann og skipper. Saman med Even Thorsen representerte Peder Johnsen «underklassene» (menige og underoffiserar) i Sjødefensjonen ved Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Dypvåg kyrkje. Her vart Peder Johnsen døypt 30.11.1783. I 1801 vart han også konfirmert her, og han stod som nr. to på kyrkjegolvet.

Bakgrunn og familie

Peder Johnsen tilhøyrde eit tids- og stadtypisk integrert sjikt av bønder og grunneigarar, skipperborgarar og forretningsdrivande. Det var eit etter måten velståande sosialt sjikt, men med eit visst allmugepreg, og ikkje retteleg overklasse om ein jamfører med storborgarskapet, skipsreiarane og embetsmennene i byane. O.A.Aalholm skildrar opphavsmiljøet til Peder Johnsen slik:

«I århundrer hadde Peder Johnsens forfedre sittet i mere eller mindre sorgfri kår omkring Oksefjorden. De holdt til på egen jord og grunn, gårder eller gårdparter, ofte med skog til. Ikke sjelden eide de dessuten sine egne fartøyer helt eller delvis, og var sjøfolk. Undertiden hadde de borgerskap i nærmeste by.»

Foreldra var gardbrukarar på Nes (gnr. 33 i Dypvåg). Samstundes var faren, Jon Tellefsen (1734-1804) skipper og borgar og med jordeigedomar fleire stader i distriktet.[1] Mora, Maren Pedersdotter (1743-1804), var fødd og oppvaksen på Nes. På Nes var det møllebruk, utan at det framgår av gjennomgådde kjelder om dette tilhøyrde familien. Da Peder gifta seg fyrste gongen, er han oppført som «Ungkarl Styrmand Peder Johnsen Qværnenæs»,[2] og etternamnet viser openbert til dette tilliggjande lunnende på heimegarden.

Peder var yngst i ein syskenflokk på i alt 10. Fire av syskena døydde som born.

Han gifta seg i 1810 med Cathrine Margrete Nilsdotter Nedenes (fødd i Mandal 15. desember 1788, død i Kristiansand 2. november 1832). Ho tilhøyrde openbert det same sosiale sjiktet som Peder Johnsen sjølv. Far hennar, Niels Mortensen Nedenes, var skipskaptein i Mandal med borgarskap i Kristiansand. Mora heitte Catharina Knudsdatter Barfod.

Peder og Cathrine Margrethe fekk sju born fødde i tidsrommet 1812 til 1827. På det tidspunktet var Peder busett i Kristiansand og var styrmann. Familien kjøpte i 1814 eit hus i Skippergata som dei flytta inn i. Han var også grunneigar i Dypvåg, der han hadde arva gardpartar.

I 1836, fire år etter at han vart enkjemann, gifta Peder seg på nytt med Elisabeth Cathrine Eliasdotter (fødd på Vestre Øvesland i Høvåg 1808). Ho var dotter til skipper og borgar, seinare marketenter Elias Olsen Øvesland og Ellen Cathrine Svendsdotter. Men berre to månader etter bryllaupet døydde Peder Johnsen. Det vart ikkje barn i dette korte ekteskapet.

I marineteneste

Det synes klårt ut frå den stillinga Peder Johnsen hadde som rekneskapsførar ved verftet i Kristiansand, at han tidleg må ha hatt opplæring ut over vanleg omgangsskule. Sophus Jenssen gjet på at han hadde gått på fastskulen på Borøya, som var den andre fastskulen i amtet, lenge før fastskular vart obligatoriske på bygdene. Men den skulen kom venteleg etter at det kan ha vore aktuelt for unge Peder, så opplæringa må ha kome på annan måte. Om ikkje før har han nok fått nødvendig utdanning og opplæring i det sjømilitære systemet han gjorde teneste i. Sjømannskap hadde han sikkert lært seg i oppveksten mellom anna av skipperfaren. Peder skal ha teke navigasjonseksamen for å bli styrmann.[3]

I krigsåra 1807-1814 tenestegjorde Peder Johnsen i den dansk-norske marinen. Han vart under-kanoner, og seinast frå nyttår 1811 og ut året 1814 var han tilsett som «Under-Officeer og Regnskabsfører» ved Kristiansands verft og underliggjande flåtebatteri. Verftet var bygd 1808-1809 for å byggje opp roflotiljen til kystvernet.

Eidsvoll 1814

Da det skulle veljast representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll, vart Peder Johnsen fyrst valmann frå marineverftet der han var tilsett. Så vart han vald til representant for den samla Sjødefensjonen på valmannsforsamlinga i Fredriksvern (Stavern), saman med sambygdingen frå Dypvåg Even Thorsen, kommandør Jens Schow Fabricius og løytnant Thomas Konow.

Peder Johnsen og Even Thorsen forfatta eit innlegg til komiteen som skulle vurdere korleis vernepliktsordninga i Grunnlova skulle iverksetjast. Peder Johnsen og Even Thorsen gjekk inn for alminneleg verneplikt, og hadde dessutan eit forslag til korleis sjøtenesta for orlogsmannskap med forsørgjarbyrde kunne ordnast betre.[4]

Peder Johnsen og alle dei tre andre frå Sjødefensjonen vart rekna til Sjølvstendepartiet.

Styrmann og skipper

Etter 1814 tok Peder Johnsen opp att sjømannslivet, nå i sivil samanheng. Fyrst var han i nokre år styrmann. I 1820 tok han skipperborgarskap i Kristiansand, og var skipsførar til han vart sjuk på si siste reis og døydde rett etter heimkomsten.

Dei siste åra var han kaptein på barken «De Tvende Brødre», frå den vart bygd i 1819. Reiarane var to brør i Gamle Hellesund i Høvåg, losoldermann Anders Aagesen og skipsførar Ole Andreas Aagesen.

Trafikken var ganske fast. Kaptein Johnsen segla «De Tvende Brødre» tre gonger for året med trelast til Nord-Frankrike. Det var på veg heim att frå ei slik reise han vart sjuk. På den turen var sonen Morten med han, 13 år gammal, i teneste som kahyttsjunge. Han skulle ha opplæring i sjømannskap, sikkert om lag som Peder sjølv hadde fått det i sin oppvekst, og Morten var som faren styrmann da han gifta seg i 1848.[5]

Referansar

  1. Danielsen, D. og Jenssen, S. 1965:228, jf. Aalholm, O.A.1972:118.
  2. Aalholm, O.A.1972:119.
  3. Aalhom, O.A. 1972:119.
  4. Riksforsmlingens forhandlinger. Bilag til hovedprotokollen nr. 61.
  5. Danielsen, D. og Jenssen, S. 1965:229, jf. Aalholm, O.A.1972:125.

Kjelder og litteratur