Peder Paulsen (1879—1967)

Peder Paulsen (fødd 14. januar 1879, død 17. mai 1967) var forpaktar og skogsarbeidar på Grue Finnskog, og sannsynlegvis den aller siste som tala finsk på den norske sida av Finnskogen.

Peder Paulsen på eldre dagar.
Foto: Sigurd Bograng/Värmlands Museum.

Liv og virke

Peder Paulsen vart fødd og budde heile livet på Løvhaugen, som ligg heilt aust på Grue Finnskog, på austbredden av innsjøen Røgden og opp mot riksgrensa åt Östmark og Nyskoga. Han var son av Paul Tomassen Räisänen (ca. 1827-1907) frå Øvre Skåkberget og Kirsti Nilsdotter Lehmonen (1841-1926) frå Fjälltorp i Östmark, like aust for grensa. Dei hadde i alt fem born, Peder var nest yngst av dei.[1] Familien budde heile tida på plassen Torkil (Torkel), òg kalla Nedre Skåkberget. Peder vart òg kalla «Torkellin-Pekka», og kallenamnet viser sannsynlegvis til bustaden.

Peder Paulsen arbeidde det meste av livet som skogsarbeidar og sagbruksarbeider, og er nemnt med desse yrka i alle folketeljingane frå 1900 til 1920. Han skal ha haldi fram lenge som yrkesaktiv, i eit intervju i 1964 heiter det at han hadde vori ute av arbeidslivet i ti år, og han var da 85 år gammal![2] Ti år før, da han fylte 75 år, var han «i full vigør» med snekring og båtbygging, og hadde mellom anna oppsyn med skogsbilvegane i Løvhaugskogen.[3] Han var forpaktar på Torkil, men det var nok ikkje mye jordbruk her, han fortalte i 1964 at dersom «jeg hadde dyrket opp det som var mulig her, kunne jeg vel ha fødd ei ku».

Peder vart gift med Olea Natalie Bakåsmoen (1907-) frå Kjellmyra i Åsnes, dei fekk tre born og hadde ein pleieson:[4]

  • Rolf 1932-, gift med Karin Røgden frå Røgdekøya, til Solheim.
  • Paul Kristian 1934-1935.
  • Mentz Peder fødd og død 1936.
  • Odd Gammeltorp 1938, pleieson, gift med Mette Rønning, til Hokkåsen.

Peder døydde 17. mai 1967, 88 år gammal, og vart gravlagt frå Grue Finnskog kapell den 27. mai.[5] Enka Olea vart buande på Torkil fram til 1977, da ho flytte til aldersbolig i Svullrya.

Den siste finsktalande?

Peder Paulsen var sannsynlegvis den aller siste som tala finsk på norsk side av Finnskogen. I 1961 skal det ha vori att i alt 22 finstalande personar i området, men med unntak av Peder budde dei alle på svensk side av grensa, dei fleste av dei i Östmark, Nyskoga og Södra Finnskoga.[6]

I intervjuet i 1964 fortel Peder Paulsen at han lærte finsk av foreldra sine. Interessant nok står det ingenting om dette i folketeljinga 1891, der heiter det om både han og foreldra at dei var av finsk nasjonalitet, men at språket deira var «Norsk». Det er naturleg å anta at ikkje alle som kunne finsk vart ført opp som finsktalande i folketeljinga, og at dette gjeld Peder og foreldra hans.[7]

Peder Paulsen fortalte at han seinast sommaren 1963 hadde hatt høve til å tala morsmålet sitt med finnar som var på besøk i bygda i samband med kyrkjejubileet på Svullrya. Journalisten spurte om ikkje han sto fast da han skulle tala finsk, og Peder svarte at:

Det var en god stund siden jeg hadde snakket finsk, ja, jeg snakket ikke så lett som den tiden da jeg snakket finsk «med jevna», men jeg sto aldri fast. Det er rart med barnelærdommen, den henger i selv om man blir gammel.[8]

Fotnoter

  1. Trøseid, side 335-336. Slektsnamna åt foreldra er ikkje nemnt i bygdeboka, men nemnt i artikkelen «Det tales fremdeles finsk i gamle torp ved Røgden» frå 1966.
  2. Sjå «Den siste finsktalende på Finnskogen fyller 85» i litteraturlista.
  3. Sjå «Runde år» i litteraturlista.
  4. Trøseid, side 336.
  5. Dødsannonse i Glåmdalen, 20. mai 1967. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Lista er attgitt hos Styffe 2011.
  7. Sjå skanna versjon av folketeljinga. Merk at nasjonaliteten er oppført som «Finsk (Kvænsk)», enda om omgrepet kvensk er misvisande om skogfinnar.
  8. «Den siste finsktalende på Finnskogen fyller 85» i litteraturlista.

Litteratur og kjelder