Peder Rognerud (1869–1941)

Peder Rognerud (fødd 1. desember 1869 i Ådal, død 8. september 1941 i Oslo) var prest.

Peder Rognerud.

Han var son av gardbrukar Johan Rognerud og Mathea Egge.

Rognerud vart cand. theol. i 1897. Han jobba som lærar i Sør-Aurdal og så frå 1901 i Levanger. I 1905 vart han sokneprest i Beiarn prestegjeld, og i 1913 i Malvik. Her var han til han fekk avskjed i nåde på grunn av sjukdom i 1935.

Han var gift med Bertha Andersen (f. 1872). Dei hadde fem born.

Kjelder


Artikkelen Peder Rognerud (1869–1941) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.