Peder Schjelderup (1744–1824)
Peder Schjelderup (fødd 25. november 1744 i Støren, død 23. oktober 1824 på Ringve i Strinden) var prest.
Han var son av Theorora Maria Lemche og Peder Sørensen Schjelderup. Faren var kaptein. Foreldre døydde mens han var ung, og han fekk Lorentz Bie som formyndar.
Han tok teologisk eksamen i 1766, og var huslærar i Danmark og Noreg nokre år. Hans siste lærarpost var hos prost Augustinus Buschmann på Nesna. Han vart personleg kapellan for Matthias Bruun i Vefsn prestegjeld i 1773. Som kapellan i Vefsn virka han også som samemisjonær, og har blitt omtala som den siste «finnepresten» i Vefsn.[1]
I 1877 var han personleg kapellan hos prost Irgens ved Domkyrkja i Trondhjem. Frå 1778 til han gjekk av i 1814 var han vice-pastor i Strinden prestegjeld. Han eigde garden Ringve, no Ringve musikkmuseum.
Han var gift med Martine Lind, dei hadde ein son, Søren (f.1783).
Referansar
- ↑ Reidar Svare: "Litt om finnar og finneprestar". Helgeland Arbeiderblad 1970.11.14. 19701114. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kilder
- Erlandsen, Andreas : Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Throndhjems Stift. Utg. Guldberg & Dzwonkowski. Christiania. 1844. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 137
- Peder Schjelderup i Historisk befolkningsregister
| Artikkelen Peder Schjelderup (1744–1824) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |