Quisling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Quisling er ei norsk slekt med danske røter. Namnet kjem frå Kvislemark på Sjælland. Stamfaren Lauritz Ibsen (1634–1703) skal ha teke namnet, på forma Quislin, då han kom til Noreg som ung mann. Han vart slottsprest på Akershus, og det skulle seinare verte fleire prestar i slekta.

Namnet vart skrive som Quislin eller Qvislin om kvarandre. Nokre generasjonar seinare skal Lars Abraham Qvisling (1816–1876) ha vore den første som skreiv namnet med ein g på slutten då han tok morsnamnet. Men i eit eksemplar av Ziegenbalgs omsetjing av Euclidis Elementa Geometriæ som tilhøyrde Peder Larsson Quislin skreiv han seg 'P.L. Quisling' i 1744,[1] så allereie den gongen førekom g'en i namnet, sjølv om han nok ikke vart vanleg for kring hundre år seinare. Òg broren Abraham ser ut til å skrive namnet med g.[2] Den nyaste forma, Quisling, vart truleg innførd av Vidkun Abraham Lauritz Jonssøn Quisling (1877–1945).

Slektsnamnet er sidan 1945 uløseleg knytt til Vidkun Quisling, og på fleire språk er quisling eit ord for forrædar.

Kjende medlemmar av slekta

Referanser

  1. E. G. Ziegenbalg’s Danish Translation of Euclid’s Elements, med bilde av tittelside med P.L. Quislings navn innskrevet.
  2. Opplysningar frå Toke Lindegaard Knudsen på e-post april 2021, med bilete av Peder Larsson Quislin' si innskrift.

Litteratur