Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ragnhild Mikkelsdotter Steinset»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhild Mikkelsdotter Rundesletten (fødd 6. november 1847, død 8. november 1906) var ei småbrukarkone i Nord-Etnedalen i Valdres.

Ho vaks opp på Syegarden (Oppigarden) Steinset (gnr. 31/9) i dåverande Nord-Aurdal kommune, no i Etnedal kommune. Foreldra var gardbrukar Mikkel Nilsson Steinset (1808-81) og Astrid Larsdotter f. Ton (1823-92). Ragnhild var den nest eldste i ein syskenflokk på seks.

Ho vart i 1881 gift med Anders Nilsson frå grannegarden Sørre Steinset (gnr. 31/15). Dei fekk tre jenter som vaks opp: Anne g. Saksberg (1882-1965), Inger (1884-1954) og Ingeborg g. Hagasæt (1887-1914). To gutar døydde berre nokre månader gamle.

Familien kjøpte i 1883 bruket Holo (gnr. 32/12) i Nord-Etnedalen. Seks år seinare bytta dei med Henrik Mikkelson og Marit Olsdotter, som hadde Rundesletten (gnr. 31/11) i same bygdelag. Dette var eit bruk som farbroren hennar Ragnhild, Nils, hadde fått skild ut frå Steinset.

Anders døydde i 1890-åra, men Ragnhild dreiv Rundesletten vidare saman med døtrene sine. Sjølv levde ho til 1906; ho vart 59 år. Døtrene solgte Rundesletten i 1912, og seinare eigarar har bygd opp eit heilt nytt tun og gitt bruket namnet Bjørkset.

Kjelder og litteratur