Randi Flem Ulvestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Randi Flem Ulvestad (fødd 1946 i Ålesund) er pensjonert lærar og idrettsleiar, busett i Sykkylven.

Foreldra var bakar Erling Flem og trafikksjef i Televerket, Randi Johanne Flem. Randi Flem Ulvestad gjennomførte lærarskulen i Bergen. Etter eit år som lærar på Askøy flytte ho i 1968 saman med ektemannen Odd Ulvestad til Sykkylven, der dei begge fekk arbeid ved Sykkylven ungdomsskule.

I Sykkylven engasjerte både Randi og Odd seg med ein gong i idrettsmiljøet. Allereie første hausten ho budde i kommunen tok ho på seg instruktøroppgåva for dametrimmen og vart leiar i turngruppa. Det var eit verv ho hadde fram til 1977. I to periodar var ho leiar i Møre og Romsdal gymnastikk- og turnkrets, frå 1985-1986 og frå 2002-2010. Opp gjennom åra har ho leia ei rekkje turn- og mosjonsgrupper. Ho var også sentral då det vart bygd opp eit aktivt miljø for rytmisk sportsgymnastikk (RS) i Sykkylven idrettslag.

I tillegg til arbeidet i turngruppa har Randi Flem Ulvestad vore aktiv i drifta av Fjellseter ungdomssenter som er eigd av Misjonsungdomslaget i Sykkylven. Ho var frå 1997 og fram til 2020 skrivar i styret i laget.

For det samfunnsnyttige arbeidet sitt vart Randi Flem Ulvestad heidra med Kongens fortjenstmedalje i 2020.

Kjelder

  • Sykkylvsbladet 20.3.2020