Riksheimdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn frå øvste delen av Riksheimdalen. Svart stein nede til venstre er Prinsessesteinen. Bildet frå august 2011 viser fortsatt snø.
Foto: Flickr bruker «Fairy Heart».

Riksheimdalen er ein dal tilknytta Riksheim i Sykkylven. Det er ein dam i dalen som dannar magasin for Riksheim Kraftverk nede på Riksheim, og for Riksheimdal kraftverk, som ligg i dalen.

Riksheimsætra ligg i dalen, der ein før i tida hadde seterbeite for bufe, både Krissen-, Tømmes- og Pe-garden hadde nok sel her oppe. Nokre av husa frå seterdrifta står framleis der.

Det er og fleire vatn i dalen. Frå Riksheim kjem ein først til «Dammen». Vidare inn i dalen kjem ein inn til det største vatnet, Storevatn. Bak det att ligg andre, tredje og fjerdevatne.

Demmning i Riksheimdalen på det som ser ut til å være et tidleg tidspunkt i historia

Før Storevatnet ligg også Trollvatnet, eit mindre vatn. Det ligg heilt oppe i grensa til Megardsdalen, som høyrer til Hundeidvik. Der låg sela til mellom anna Midtgård og andre Hundeidvikgårdar.

Sele til Erstad lå nord for inngangen til Riksheimdalen, på nordsida.

Ifølgje Martin Ystenes er Prinsessesteinen øvst i Riksheimdalen forma av naturfenomen langt nede i jorda.

Riksheimsætra med bygning som blei brukt av Krissengarden, bnr 1 på Riksheim

I følge Nyss er det eit populært turområde. I 1980 gikk blant anna Dronning Sonja fra Riksheim gjennom dalen sørvestover og over fjella til Trandal ved Hjørundfjorden. Det blei kalla "Sonja-ruta".[1]

Referansar

  1. Grimstad, Leiv Arne (1995). «Hundeidvik - Trandal». Sunnmørsalpane. Larsnes: Vista. s. 81-85. ISBN 8299217768. på Nasjonalbiblioteket

Kjelder

Eksterne sidar