Rolv Gjessing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolv Gjessing rundt 1920.
Foto: Ukjend

Rolv Ragnvaldssøn Gjessing (født 26. juni 1887 i Lindås, død 11. mars 1959 i Lom) var psykiater. Som direktør på Dikemark sjukehus i Asker fekk han internasjonal merksemd, og hans arbeid danna grunnlag for ny psykiatrisk forsking.

Slekt og familie

Han var son av personellkapellan og seinare sokneprest Ragnvald Gjessing (1859–1927) og Regine Louise Waage Erichsen (1863–1912). Han var halvbror av professor Just Gjessing (1926–2005).

Den 11. mars 1916 vart han gift med telegrafist Susanne Amalie Milberg (1891–1969), som var dotter av overrettssakførar Thomas Gotfred Olsen Milberg og Elise Margrethe Norgaard. Deira son Leiv Rolfssøn Gjessing (1918–1996) var seinare leiar for laboratiet på Dikemark sjukehus som Rolv Gjessing hadde oppretta.

Liv og virke

Rolv Gjessing hadde sine første år i Lindås, der faren var personellkapellan. I 1891 vart så faren kalla av Israelmisjonen for å drive som misjonær bland jødane i Aust-Europa. Familien flytta til Galaţi i Romania, og så eit år seinare til Budapest. I 1899 vende dei heim til Noreg då faren vart sokneprest til Høgsfjord prestegjeld i Ryfylke.

I 1905 tok Rolv Gjessing examen artium i Stavanger. Han byrja så å studere medisin ved Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania, der han vart cand.med. i 1913.

Sine første to år som lækjar var han assistent hos distriktslækjaren i Brønnøysund. Frå 1915 til 1920 var han så distriktslækjar i Alta og Kautokeino. I denne tida gjorde han antropologiske studiar av samane, som i 1934 vart publisert som Die Kautokeinolappen. Frå 1920 til 1922 var han reservelækjar ved Rønvik asyl i Bodø. Derifrå kom han til Dikemark, der han vart avdelingalækjar i 1924 og overlækjar og direktør i 1929.

I 1920- og 1930-åra gjennomførde han fleire studiereiser i Europa, og han hadde også eit opphald på eit halvt år i USA og to opphald som gjesteprofessor ved University of Toronto i Canada. Frå 1932 til 1937 var han formann i Norsk psykiatrisk forening. Han var også medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

I 1941 vart Gjessing arrestert av Hirden. Samtlege overlækjarar og finansrådmannen i Oslo truga med å fratre sine stillingar om han ikkje vart sett fri, og NS gav etter. Dette var den første kollektive aksjonen mot nazifiseringa, og den fekk omtale i internasjonal presse.

Gjessing forska særleg på schizofreni og periodisk katatoni, og nytta nye metoder i denne forskinga. Han gjorde store framskritt, og fann mellom anna fram til nye medikament i behandlinga av desse tilstandane. I 1949 slutta han i stillinga på Dikemark for å få meir tid til forsking.

I 1955 vart han kommandør av St. Olavs Orden, og to år seinare fekk han St. Hallvard-medaljen.

I sine siste år budde han på ein fjellgard i Lom, der han kombinerte forsking med gardsarbeid.

Ei byste av Gjessing vart sett opp på Dikemark sjukehus i 1987.

Litteratur og kjelder