Rui (Tokke gnr 64)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rui eller Rue er ein gard i Tokke kommune i Telemark. Han høyrer til tidlegare Lårdal kommune og Lårdal prestegjeld, og til Høydalsmo sokn. Garden ligg nokre kilometer aust for tettstaden Høydalsmo, langs E134. Han grensar til matrikkelgarden Ormebrekka i aust og til Haukom og Kvåle i vest. Per 2023 høyrer det 62 mål fulldyrka jord, 11,5 mål innmarksbeite og vel tre tusen mål produktiv skog til garden.

Gardsnamnet er ifylgje Oluf Rygh opphavleg bestemt form av ordet ruð, og tyder altså noko sånt som «rydjingi». Namnet finst eit tjugetals plassar i Telemark. Nedervd uttale skiftar frå bygd til bygd, i Lårdal er det rú´e.

Brukarar på 1800- og 1900-talet

Bonde og gardbrukar på Rui i 1801 var Halvor Holgerson ca 1750, gift med Ane Evensdotter ca 1764. Dei hadde iallfall desse borna:

  • Eivind, ca 1792
  • Margit, ca 1798
  • Rolav, ca 1801

I 1830-åri overtok Ole Ånundson 1806, gift fyrste gong med Anne Larsdotter. Han er nemnt som eigar i matrikkelen 1838. Ifylgje Norske Gardsbruk av 1955 hadde garden det året ei gamlestove frå 1840 og eit stabbur frå 1850, som soleis må ha vorte sett opp av Ole.

Ole og Anne hadde iallfall desse borna:

  • Åmund 1832, neste brukar
  • Ingeborg 1835
  • Lars 1838
  • Anne 1840, vel død ung
  • Anne 1843, budde heime i 1865
  • Tallef 1846

Ole vart gift andre gong 1852 med Birgit Halvorsdotter 1822 frå Øyfjell, og dei er oppførte her i folketeljingane av 1865 og 1875. I 1865 hadde dei tenestfolki Gunhild Stålesdotter ca 1840 og Aslak Åmundson ca 1847 hos seg, samt legdekjerringi Sigrid Halvorsdotter ca 1814. I 1875 hadde dei tenestfolki Asjær Andresdotter 1857 frå Øyfjell og Ole Torson 1858 frå Høydalsmo.

Neste brukar var sonen Åmund Olson 1832, gift 1859 med Anne Jonsdotter Oster 1835. Dei budde i Skoftedalen av Ormebrekka i folketeljingane av 1865 og 1875 og fram til iallfall 1877, og døypte borni sine der. I matrikkelen 1886 er Åmund oppført som eigar av Rui, så da har dei vel kome hit.

Åmund og Anne hadde desse borna:

  • Anne 1860, budde heime 1875
  • Mari 1863, vel død ung
  • Ole 1864, budde heime 1875
  • Jon 1866, neste brukar
  • Lars 1869, budde heime 1875
  • Tallef (?) 1871, budde heime 1875 og 1891
  • Halvor 1872, budde heime 1875
  • Amund eller Åsmund 1875, budde heime 1875-1900
  • Mari 1877, budde her i 1891
  • Halvor 1879, budde her i 1891
  • Birgit 1879, budde her i 1891

I 1899 overtok sonen Jon Åmundson Rue 1866, gift med Elen Asbjørnsdotter Landsverk 1868, begge født i Lårdal. Han er nemnt som eigar i matrikkelen 1905. Dei hadde desse borna:

  • Anne J. Rue 1897, budde her 1920
  • Åmund J. Rue 1901, budde her 1920, neste brukar
  • Signe J. Rue 1904, budde her 1920
  • Asbjørn J. Rue 1909, budde her 1920, gift med Irene, far til brukar etter neste.

I 1900 budde foreldra Åmund og Anne her på føderåd, og anna folk her det året var tenar Olav Knutson 1886 og folkeskulelærar Torleiv Lid 1872 frå Brunkeberg i Kviteseid. Anna folk her i 1910 var Gunhild H. Landsverk 1890, tenestejente; Eivind O. Nordaa 1854, dagarbeidar; Liv O. Nordaa 1851, husstell; Saave O. Nordaa 1874, skreddar.

I 1950 overtok Åmund Rue 1901. Han er nemnt som eigar i matrikkelutkastet 1950 og Norske Gardsbruk av 1955. Det året fødde garden ein hest, seks kyr, ein okse, fire ungdyr, ein gris og sju sauer.

I 1972 overtok brorsonen Jon Arnold Rui 1951, og han er nemnt som eigar i Norske Gardsbruk av 2006. Garden fekk det fyrste traktoren i 1973, og året etter vart det slutt med mjølkekyr her. I 2006 var det inga dyr her, jordi var delvis bortleigd, men eigaren dreiv skogen sjølve.

Kjelder

Litteratur