Sætre notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sætre notlag på Sætre og i Torvik er det einaste notlaget ein kjenner til i Ulvestadbygda, Volda. Det er usikkert kva årstal nota vart kosta, men truleg var det i åra etter 1930. Noteigarane var brukarane av Pergarden og Nilsgarden på Sætre.

Det var nok også fleire som hadde «fantenøter», som dei brukte til å kaste på småsei og kanskje makrell langs land og rundt Sæss-skjeret.

Laget hadde ei bomullsnot med ei lengde på rundt 100 m. I Pergarden fantest òg ei seinot.

Notbåten var ein stor færing, kanskje den store fiskebåten som hadde vore brukt «utom land». Her var også ein spelbåt.

Nota var lagra i Nils-naustet, men det var tilrigga eit nothengje i fjøra framfor dette naustet. Tørking av nota kunne også gå føre seg på marka, framom nausta (volling av nota - mykje brukt før ein laga nothengje).

Etter at det vart slutt på fellesdrift med storenota på slutten av1950 talet, kosta Per A. Sætre seg ei makrellnot og gavlbåt. Han dreiv med kasting på makrell langs land rundt i Dalsfjorden.

Notbåten kjøpte han med Dalebø notlag då dei avslutta drifta. Båten var tjørebredd og hadde rull bak. Han fekk si endelikt i nyttårsorkanen i 1992, då han stod attved Pernaustet, og derifrå vart hivd utover markane i Pergarden og knust til pinneved.

Nota som Per hadde var 60 m. og ei djupn på 6 famner.

Kasteplassane

Kasteplassane som Sæss-karane brukte, var oftast ved Skiftaberget, og frå Sæsselva og innover langs Reinene, men også i Sæssfjøra der det var fritt for «hengje».

Det vart vanlegvis kasta på makrell, pale og litt sild, men ute i fjorden var det ikkje like godt med sild som lenger inne i fjordbotnen. Derimot kunne ein råka på at det kunne vere storsei som kom mot land.

Sverre Kvangarsnes fortel om eit slikt «kast» i Minne frå Dalsfjord 2010:

Ein fin haustdag i nonstida i 1933 braut det opp ein stor fiskestim midtfjords. Det viste seg å vere storsei, som sanselaust jaga ein sildestim som heldt stø kurs mot Nesebugen. Karane på Sætre hadde nota liggande klar i notbåten ved Sæsslandet, og dei kom roande inn langs Floten mot Skiftaberget, der dei rekna med at seien ville nå land. Det gjekk som dei hadde tenkt seg, og nota vart sett i ei viss fart, men seien gjekk så fort at han rakk stikke seg under nota. Det vart difor eit durabeleg bomkast.

Nota vart teken inn igjen og gjort klar til nytt kast. Seistimen roa seg litt og tok ein sving bort på fjorden att, men heldt seg stadig i overflata. Notlaget seig litt i senn utover langs land mot Sæsskaia.

No svinga fiskestimen mot land igjen, og då han passerte den ubygde fjøra mellom Per-støa og Åse-støa, vart nota sett på nytt. Noko av stimen såg vi halde fram utetter mot Sæss-skjeret, men det var tydeleg at ein del var vel bevart i nota. Det vart ei roping og komandering over all måte no når nota skulle dragast mot land, og om litt var «geilane» komne opp i tanget. Då vart det med eit noko stillare mellom karane - for nota hadde sett seg fast i eit hengje på botnen.

Lågmelt prat om kva som no måtte gjerast. Nokre meinte at ein skulle «tørke opp» nota og lette grunnen varsomt over steinen, sjølv om det då var ein viss fare i at noko av fisken kunne finne vegen ut. Eg og Per Sætre hadde lurt oss ombord i båten til Nils-Lars, der han la seg langs kavlen med sjøkikkert for å sjå etter henge på botnen. Han var i ei slik «ekse» at han knapt ensa oss gutfantane, så vi vart verande i båten til nota var komen iland. Det tok si tid å få nota laus, og noko av fisken fòr vel sin veg.

Vi småkarane sat i båten og kika over ripa ned på dei blygrå seiryggane som i kvilelaust jag symde i ring inne i nota. Plassen her vart etter kvart mindre etter som nota nærma seg land, og no såg vi jamvel botnen godt. Snart piska fisken i nota sjøen til kvitt skum og karane leita fram klepp og kniv. Då var klokka over 10 om kvelden, og etter skikken skulle slike småkarar som eg og Per ha vore i seng for lang tid sidan. Så vidt eg hugsa skulle det vere over 300 storsei i nota.

Ei historie som Hallstein Kvangarsnes, fødd på 1930-talet, hugsa frå han var 10-12 år gamal, var ein dag i kveldinga på ettersommaren:

Sæsskarane kom roande med notbåten innover langs land mot Kvangarsneset, det var truleg makrell eller småsei dei var ute etter. På Lissjevika rett nedom husa på Inste-Neset fekk dei sjå noko som vaka - og nota gjekk straks i sjøen. Eg og yngste bror min la naturlegvis unna bakken, det fortaste vi vann - her «væra» vi sensasjon.

Då nota kom fram i land, viste det seg at det var alt anna enn småsei og makrell som var inne. Nei - det var ei mengde sjøaure eller smålaks som var teken. Trur det kunne vere så mange som 40-50 stykker. Truleg var dette «ikkje heilt lovleg» fiske, men eg hugsa ikkje at noko vart sleppt ut igjen. Alt gjekk stilt og roleg for seg, og ingen nemnde noko meir om «storkastet».

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Sætre notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.