Sjølena
(Omdirigert fra «Søe-Lenene»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sjølena (nynorsk/bokmål) eller Sjølenene (bokmål), er eit gammalt uttrykk for kystlandskapa i Midt-Noreg; — med kjerneområde frå Romsdal til Namdalen, men ofte òg Sunnmøre i tillegg. Sjølena var heilt frå mellomalderen av eit omstridd område mellom Bergenhus len på den eine sida og Trondheims len på den andre, noko heile området ber preg av på ymse måtar.
Vi kjenner til tre stiftsskrivarar som leverte kyrkjerekneskap for Sjølena, alle i perioden 1626–1646:[1]
- 1626–1639 - Erik Audensen
- 1640–[?1643] - Madts Pedersen
- 1644–1646 - Jens Nilsen Friis (1600–1662)
Jens Nilsen Friis var borgarmeister i Trondhjem samtidig som han var stiftsskrivar for Sjølena.[2]
Fotnotar
Kjelder og litteratur
- Dahl, Svein Tore. Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660. Utg. S.T. Dahl. Trondheim. 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.