Sørhalsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørhalsnes
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 202
Postnummer: 6590
Låna og buret på bnr. 1 i 2008.
Foto: Olve Utne

Sørhalsnes er ein matrikkelgard på innersida av Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden har to hovudbruk. I aust grensar garden til Ersvika og i vest grensar han til Hagan nedom Jørenvågvatnet, såvidt til Ljustad ved Jørenvågvatnet, og til Jørenvågen ovom Jørenvågvatnet. Namnet Sørhalsnes passar dårleg med lokal topografi, ettersom det ikkje er noko nes av nokon størrelse der. Men om ein ser på heile området, så kan ein seie at Sørhalsnes utgjer den «sørlegaste» (eigentleg vestlegaste) delen av området som grensar til lågfjellsområdet Halsfjellet, og som ein med ein slump velvilje kan kalle eit nes som inkluderer Sørhalsnes, Ersvika, Hals og Innersetra/Storsetra.

Bildegalleri


Koordinater: 63.1485794° N 8.0761692° Ø