Žagarė

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sagaren»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Žagarė ca. 1920.
Foto: K. Almanio fotografija

Žagarė (litauisk), latvisk Žagare, polsk Żagory, jiddisch זשאַגער Zhager og tysk Schagarren/Szagarren/Sagaren, er ein by i det nordlege Litauen — heilt inntil grensa mot Latvia. Byen vart grunnlagt på 1100-talet, og folketalet har variert frå 920 (1781) til 11.839 (1914). Den første jødiske busetjinga kom tidleg på 1700-talet, og byggjeløyve for den første synagogen der vart gjeve i 1712. I 1889 fanst det totalt ni synagogar , inkludert ein shtibl (hasidisk bønestue). Den vidkjente rabbinaren Yisroel Salanter, grunnleggar av musar-rørsla, kom frå Žagarė. Under pogromane i Russland på siste delen av 1800-talet vart det jødiske strøket i byen mykje øydelagt, og mange frå det jødiske fleirtalet i byen emigrerte i dei neste åra. I 1923 var folketalet 4730, derav 1928 jødar — no berre 40,76 % av folketalet. Fleire av dei jødiske familiane i Noreg har anar frå Žagarė.

Andre verdskrigen

Etter at Tyskland okkuperte det da Sovjet-okkuperte Litauen i juni 1941, sperra nazistane jødane i byen inn i en ghetto der, og flytta ôg dei attverande jødane frå Šiauliai dit. Alle vart myrda av nazistane på torget den 2. oktober 1941.

Etterkrigstid

Første folkestatistikken etter andre verdskrigen var i 1959, og folketalet var da oppgjeve som 3800. Den 1. januar 2023 var folketalet 1247. Den 13. juli 2012 vart det avduka ein minneplakett på litauisk, jiddisch og engelsk på torget der massakren i 1941 fann stad.[1]

Bildegalleri

Personar

Fotnotar

  1. Katz, Dovid: «Trilingual Memorial Plaque Unveiled on Zhager Town Square», publ. 13.07.2012 på Defending History.

Kjelder og litteratur