Saltens prosti (før 1850)

Saltens prosti var eit prosti i Den norske kyrkje. Det var eit av tre prostiar i det som i dag er Sør-Hålogaland bispedømme / Nordland fylke. Sør for Salten var Helgeland prosti, i nord Lofoten og Vesterålen prosti.

I 1850 vart det delt i to, Søndre Salten prosti og Nordre Salten prosti. Før delinga var desse prestegjelda del av Salten prosti: Bodin, Folda, Gildeskål, Hamarøy, Lødingen, Saltdal, Skjerstad og Steigen. Vågan prestegjeld var opprinneleg del av Salten prosti, men vart del av Lofoten og Vesterålen i 1791.

For dagens langt mindre prosti, sjå Salten prosti.

Kjelder


Artikkelen Saltens prosti (før 1850) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.