Sara Thompson Richey

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sara T. Richey

Sara Thompson Richey (født 6. mars 1818, død 29, juli 1905) var ein av dei yngste utvandrarane med sluppen «Restauration» i 1825.

Liv

Ho var dotter av Bertha Carine Ådnesdotter (1790-1844) og Ånen Toresen Brastad (1795-1826). Faren var frå Konsmo i Agder, mens mora var frå Klepp på Jæren, der dei budde i 1825 og der Sara må ha vorti født. Dei kom over Atlanterhavet da Sara var sju år gamal, og busette seg i Rochester. Foreldra kalla seg Bertha Caroline og Oyen Thompson etter at dei kom til Statane.[1] Eit snautt år etter døydde far hennar, og mor hennar gifte seg på ny i 1827 med Nels Thompson (Nils Toresen Brastad), bror til faren. Året etter flytta dei til Kendall, der dei fleste av sluppefolket budde.

I 1834 flytta dei vestover til LaSalle County i Illinois, og her vart Sara buande mykje av livet, fyrst i Ottawa, seinare i Marseilles. 20. mars 1837, nitten år gamal, gifta ho seg med George Olmstead, og dei budde saman i Ottawa fram til han døydde i 1849. Hu vart buande i Ottawa fram til 1855, da ho gifta seg med William W. Richey, enkemann etter systera Anna Maria (1819-1842). Dei flytta til Marseilles, der dei vart verande i atten år, og seinare flytta dei til ein gard i Brookfield, lenger sør, der dei budde i ni år.

Da Rasmus B. Anderson gav ut bok om dei fyrste norske innvandrarane i 1896, hadde Sara T. Richey vori fråskilt i ni år, og budde aleine i Guthrie Center, Iowa. Det er ikkje kjent kva år ho døydde.

Sara T. Richey fekk fem born med fyrste ektemann sin, og tre med andre. Fire av dei var i live i 1896:[2]

  • Benson C. Olmstead, gardbrukar i Guthrie County, Iowa.
  • Charles B. Olmstead, gardbrukar i Guthrie County, Iowa.
  • Cora A. Richey, gift Morris, busett i Nebraska.
  • Will F. Richey, gardbrukar i Guthrie County, Iowa.

Fotnoter

  1. Andersen, side 66.
  2. Anderson, side 98.

Litteratur