Seglfartøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brigg har vore ein vanleg seglskipstype. Her ser vi S/S «Peggy» (103 ½ kl.), bygd på Nedre Kranens Værft i Kristiansund for «et Interessentskab» ved byggmeister O. Mæhle i 1869.

Eit seglfartøy (nynorsk/bokmål), òg skrive seglfarty (nynorsk) og seilfartøy (bokmål), er eit fartøy som har segl som hovud- eller einaste framdriftsmåte. Andre fartøykategoriar etter framdriftsmåte inkluderer blant anna robåtar, ro- og seglfartøy (f.eks. norrøne fartøy, galeiar og vestan-/nordanfjelske tradisjonsbåtar), dampfartøy (som ofte òg kunne ha rigg og segl, særleg i dei første tiåra etter at dampfartøya vart utvikla) og motorfartøy. Frå 1900-talet av har det vore vanleg at seglfartøy har motor, men dei blir framleis rekna som seglfartøy om riggen er fulldimensjonert.