Sigbjørn Steinarsson Helle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigbjørn Steinarsson Helle (fødd 14. juli 1815 på Helle i Fjotland, død 24. juni 1899) var gardbrukar, lærar og politikar. Han var gift med Anne Sofie Tronsdotter Veggeland (1819-1877). Foreldra hans var Steinar Torsson Eiesland (1770-1853) og Torborg Larsdotter (1780-1828).

Sigbjørn vaks opp på garden Dør heimaHelle i ein syskenflokk på ni. Han gjekk og las 2-3 månadar for presten Torger Melbye, og vart deretter skulemeistar (omgangsskulelærar) frå 1837 til 1856. I 1840 overtok han deler av heimgarden Dør heima (Bnr. 1/Lnr. 646) etter broren Lars. Han vart valt inn i Kvinesdal herradsstyre i 1843, fram til 1849. Deretter vart han innvalt igjen i 1853, fram til Fjotland var eit eige herrad igjen i 1858. Han vart då medlem i Fjotland herradsstyre fram til 1890. Han var ordførar i Kvinesdal i ein periode 1854-1858 og i Fjotland i tre periodar 1862-1868, 1870-1876 og 1879-1890. Mens han sat i heradstyret var han òg komsar. Han var leiar for matrikkelkommisjon for Fjotland og Kvinesdal, og medlem i matrikkelkommisjonen for Lister og mandal amt.[1]

I 1857 vart han 2. suppleant til stortinget og i 1859-1860 var han 1. suppleant. I perioden 1862-1863 møte han på tinget som 4. representant for Lister og Mandal amt, og likt på det overordentlege storting i 1864. I 1865-1866 og 1868-1869 møtte han som 1. representant.[2] Han sat i justiskomité nr. 2 i perioden 1862-1863 og 1865-1866.[3]

Han var kjent for å vere dyktig i juridiske saker til tross for hans avgrensa utdanning.[4]

Han vart valt til leiar for det fyrste forstandarsskapet i Fjotland Sparebank som vart valt av innskytarane i banken i 1884.[5]

Litteratur og kjelder

  1. Jerstad, Johan: Fjotland: Sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 388
  2. Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet. Utg. Steen'ske bogtrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjonNettbiblioteket, side 364
  3. Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet. Utg. Steen'ske bogtrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjonNettbiblioteket, side 323 & 340
  4. Jerstad, Johan: Fjotland: Sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 389
  5. Jerstad, Johan: Fjotland: Sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 180