Sildball

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sildball med kålrabi, gulrot, potet og flatbrød med smör. Ananasbrus attått.
Foto:  Olve Utne

Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme plassar, er ein matrett som hovudsaklig blir bruka kring Ytre Nordmøre og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kuler med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Dei ferdigkoka sildballane er stålgråe på let. Det blir ofte hevda at sildballen har ein smak ein lyt venne seg til, men han blir gjerne sett på som ei delikatesse lokalt.

Ein serverer gjerne sildball med kokt kålrabi, kokte gulrøter, kokte potetar, flatbrød og smør.

Kjelder og lenkjer