Sjur Knutsson Reime
Sjur Knutsson Reime (fødd 19. desember 1867 på Voss, død same staden 1. juli 1958) var gardbrukar på Reime (gnr. 143/3), Raundalen i Voss herad.
Han vart fødd på garden Eggjareir i Raundalen, som son av Knut Eggjareid og Gjertrud Knutsdotter f. Kvarakvål. Familien flytta i 1878 til garden Lid.
I 1889 gifta Sjur seg med Ragnhild Olsdotter Reime (1868-1938), også ho frå Raundalen. Ho var dotter av Olav Herlaugson f. Øvsthus (1817-1901) og Marta Torsteinsdotter f. Brekku (1827-1900). Faren hennar hadde kjøpte Reime på auksjon i 1872, og i 1890 overtok Ragnhild og Sjur garden. Dei fekk heile tolv born.
Ragnhild og Sjur livnærte seg av gardsdrifta, men Sjur dreiv òg som smed, særskilt med ljåarbeid. Dei hadde dessutan inntekter av losjerande; i folketeljinga for 1900 er det registrert sju jernbanearbeidarar som budde hjå dei. Desse var med på å byggje Bergensbanen, som vart lagt over Reime-gardane sin grunn. I 1908 opna Reimegrend stasjon.
Sonen Teodor (f. 1913) overtok Reime i 1933, og fem år seinare døydde Ragnhild. Sjur levde som enkjemann i 20 år; han vart 90 år gammal.
Kjelder og litteratur
- Sjur Knudsen i folketelling 1900 for Voss kommune fra Digitalarkivet
- Sjur Knutsen Reime i folketelling 1910 for Voss kommune fra Digitalarkivet
- Sjur Knutsen Reime i folketelling 1920 for Voss herred fra Digitalarkivet
- Sjur Knutsson Reime i Historisk befolkningsregister.
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 3338401), med bilete av gravminnet.
- Kindem, Lars: Vossaboki : Tredje bandet - Gardssoga II, Voss bygdeboknemnd 1936. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 346 og 410.
- Reime, Reidar: Forfedrar og etterkommarar etter Sjur Knutson Eggjareid og Ragnhilda Olavsdotter Reime, 2008.