Skarsgardane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skarsgardane i Seljord kommune er gamle plassar, truleg frå 14-1500 talet. Det er tre plassar som heiter Skare langs Skarsvegen som går mellom Svartdal og Åmotsdal; Skaret, Sud-Skare og Nord-Skare.

Sud-Skare Gnr.87 bnr.7.

Plassen viser at det har vore busetnad med omfattande dyrking og rydding. Nedanfor husa, nordover langs bekken, er det store røysar og lange steinmurar. Ovanfor husa og nordover lia er det og store rydningsrøysar og gamalt slåtteland som no er grodd til med skog. Det har ikkje vore fast busetnad der sidan 1882.

Nord-Skare Gnr.91 bnr.9.

Skarsvegen går frå Sud-Skare til Nord-Skare. Her er og steinurar stykkevis på båe sider av vegen. Under eit dyrkingsarbeid i 1940-åra blei det funne ein pilespiss frå steinalderen, som tyder på at folk har ferdast i området. Plassen blei frådelt Midt-Lien ein gong i 1780-90 åra, men ein reknar med at det har vore busetnad lenge før den tid. På Nord-Skare har det vore to husplassar; På Bakken-Skare på venstre side av Skarsvegen, og Skare, der husa står i dag.

Litteratur

Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn»
Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
  • Aakre, Harald: Skarsvegen. Svartdal, 1991.

Eksterne lenker