Skulehistorie i Årdal
Skulehistorie i Årdal skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Årdal kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Den fyrste skuleordninga for Årdal vart organisert i 1741 på eit møte som soknesprest Jonas Leyerdal skipa til på Solvorn for "Lærdals Præstegjeld" som Årdal høyrde under. Årdal vart då delt inn i to skulekrinsar -ein for bygdene ved Årdalsfjorden og ein for øvre ovanfor Årdalsvatnet. Jens Bache vart første lærar, og hadde plikt til å gjennomføre 8 vekers skule i fjordbygdene og 16 veker i bygdene ovanfor vatnet. Frå starten av 1800-talet var det to lærarar, og frå 1860 var det fire.
Det første skulehuset vart bygd på Tangen i 1868. Farnes fekk skulehus i 1876, Vikadal 1878, Seimsdal 1883 og Ofredal 1903.
I 1881 vart Vetti krins og Avdal krins slegne saman, og Eldegard krins vart lagt til Tangen krins.
Skulekrinsar
Offerdal krins
Vikadalen krins
Seimsdalen krins
Tangen krins
Nondal krins
Farnes krins
Fardalen krins
Ve krins
Moa krins
Utladal krins
Avdal krins
Bergmål krins
Eldegard krins
Vetti krins
Oversikt over skulekrinsar
1880 | 1891 | 1945 |
---|---|---|
Offerdal | Offerdal | Offerdal |
Vikadal | Vikadal | Vikadal |
Seimsdal | Seimsdal | Seimsdal |
Tangen | Tangen | Tangen |
Nondal | Nondal | Nondal |
Farnes | Farnes | Farnes |
Fardal | Fardal | Fardal |
Ve | Ve | Utladal |
Eldegard | ||
Vetti | ||
Avdal |
Skuleveg
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|
Skular og elevtal
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Anonym (1978) Bygdebok for Årdal, s. 641-717 – Sogelaget. ISBN 8299055318.
- Laberg, Jon (1932): Årdal i Sogn: bygd og ætter. A.S John Grieg boktrykkeri. Digital versjon på Nettbiblioteket, ss. 88-105.
Digitale kjelder
- Årdal kommune, Gamle skular
- Grunnskular i Årdal, allkunne.no
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Årdal er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |