Slaget på Kalvskinnet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Slaget på Kalvskinnet vart utkjempa den 19. juni 1179, og vart eit vendepunkt i kampen mellom birkebeinarane og baglarane i kampen om kongemakta. Sverre Sigurdsson og birkebeinaranes siger og Erling Skakke sin død førte til at birkebeinarane ikkje lenger berre var ein opprørsflokk, og at borgarkrigane tok ei ny vending. Slaget stod på Kalvskinnet utafor Nidaros, vest for Nidarosdomen i eit område som i dag er ein del av Trondheim sentrum.

Bakgrunn

Birkebeinarane reiste seg mot Magnus V Erlingsson og hans far Erling Skakke i 1174. I slaget på Re i 1177 fall leiaren Øystein Møyla, og Sverre Sigurdsson kom inn som ny leiar for flokken. Hausten 1178 sigra dei i slaget ved Hørte bru, og dei klarte å ta ti kongelege skip i Nidaros. Våren 1179 seilte dei frå Trondheimsfjorden til Møre, truleg med ein plan å eit åtak på Bergen. På denne tida satsa Sverre på små raid, ein slags geriljataktikk.

Ved Stadlandet møtte dei kongen sin flåte under leiing av Magnus Erlingsson, Orm kongsbror og erkebiskop Øystein Erlendsson. Birkebeinarane kom seg unna i tåka, men Erling Skakke fekk tid til å setje i gong forsvarstiltak i Bergen. Flåte følgde etter birkebeinarane, og ved Nordmøre fann dei ut at Sverre hadde dratt attende til Trondheimsfjorden. Erling Skakke hadde slutta seg til flåten, og saman med Magnus silte han inn i fjorden. Dei overraska birkebeinarane som låg til kai. Ein styrke vart sett i land ved Brattøra, medan Magnus og Erling rodde opp Nidelva. Dei hadde nokre mindre trefningar opp mot Elgeseter, men det kom ikkje til noko avgjerande slag. Sverre trakk seg opp i fjella til Klæbu og vidare til Gauldalen. Erling trudde at han hadde reist mot Opplanda, så dei to styrkane møttest ikkje.

Opptakta til slaget

Etter nokre dagar fekk Sverre vite at Erling hadde fått i stand gjestebod og at han hadde sendt hærfolka heim. Han tok med seg 300–360 birkebeinarar frå Gauldalen for å gjennomføre eit overraskande åtak i Nidaros. Ved Feginsbrekka, no Steinberget, stoppa dei og Sverre haldt ein tale til hæren. Han gjorde det klårt for flokken at den som felte ein lendmann sjølv skulle verte lendmann, og den som felte ein hirdmann skulle verte hirdmann. Det gamle lendmannsaristokratiet skulle altså byttast ut, og Sverre sine menn kjempa ikkje berre for han, men for eigen posisjon.

Slaget

Då birkebeinarane kom ned frå Feginsbrekka slo vaktene alarm. Hæren var spreidd, og våpen og utstyr låg for det meste i om bord skipa. Til tross for forvirringa valde Erling Skakke å kjempe, og stilte opp sitt merke ved domkyrkja. Her samla han ein del av hæren, medan fleire grupper samla seg andre stader. Ved støpulen på Kalvskinnet vart 500–600 mann samla. Dette var fleire enn i Sverre sin flokk, men ein stor del av hæren var truleg ved skipa og kunne ikkje støtte Erling og Magnus.

Sverre gjekk raskt til åtak, og retta seg inn mot Erling sitt merke. Slik skulle birkebeinarane knuse det sterkaste leddet i forsvaret av Nidaros, i håp om at resten av hæren skulle flykte. Dei klarte å hogge ned merket, og da det var borte braut fylkinga opp. Samstundes vart Erling treft av eit spyd som gjekk under brynja ved midja. Han slo vekk nokre birkebeinarar, men måtte se sette seg ned. Kong Magnus såg at Erling var hardt såra, og han anda ut etter kort tid. Det meste av Erling sin sveit fall òg, og Magnus måtte flykte til skipet «Ryden» på Nidelva.

Mange av dei som flykta drukna i elva, mellom anna ein lendmann som ikkje rakk å få av seg brynja. Birkebeinarane klarte å ta attende skipa sine med alt utstyret dei hadde rømt ifrå nokre dagar tidlegare. Mellom desse skipa var kongeskipet «Olavssuden». Magnus kom seg om bord i faren sitt skip, og kom seg trygt ut på fjorden.

Ti lendmenn, mellom anna Jon Torbergsson og nær seksti hirdmenn fall i slaget. Kor mange hærmenn som fall veit ein ikkje, men det var eit blodig slag som kan ha krevd fleire hundre liv.

Etterspel

Slaget var eit vendepunkt for Sverre og birkebeinarane. Sverre kunne ta kongsnamn, og fann sterk støtte bland trønderane. Magnus Erlingsson tok på sin side kontroll over Vika. Det endelege oppgjeret mellom Sverre og Magnus kom fem år seinare i slaget ved Fimreite i 1184, der Magnus fell.

Litteratur og kjelder