Snidbetning
Ein snidbetning er ein sunnmørsbåt som (i motsetnad til beingangarar) har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret — og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under hollendartida, som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese, som ikkje nødvendigvis står i motsetnad til den første, er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere.
Ikkje-snidbetna båtar av gamal sunnmørstype finst det òg framleis eksempel på: Skauebåten frå Skodje, no på Ålesund museum, er det vi etter nyare terminologi kan kalle ein beingangar. Elles er han ein rein sunnmørsbåt både i form og banding. Skrovforma er, som på geitbåten, oppnådd ved heilhogging. Båten er årringsdatert til 1795.[1] Hans Strøms teikning av eit sunnmørs-fjørefar utgjeven i 1760-åra viser beine bordgangar, og han nemner ikkje noko om snidbetna båtar.[2]
Den eldste hittil daterte snidbetningen er ein veggbåt som no finst på Ishavsmuseet på Brandal. Ei årringsdatering gjev årstalet 1713, og andre deler av same bordet har 14 ekstra årringar. Dette tyder på eit byggjeår kring 1727.[3]
Referansar
- ↑ S. 38 av Godal, Jon Bojer: Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083
- ↑ Strøm, Hans: Physisk og oeconomisk beskrivelse over Søndmørs fogderie. 1762–69.
- ↑ S. 65 av Godal, Jon Bojer: Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083
Kjelder
- Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle snidbetningen», i Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083