Solberg AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Solberg AS var ein metallvareprodusent i Sykkylven. Opphaveleg var dette eit blekkslagarfirma som Per Rønes skipa i 1948. Han tok til i kjellaren i huset til foreldra på Aure. Her var han til kona, Dagny, i 1955 kjøpte det såkalla Karlsen-huset på Aure. Rønes innreidde verkstad i kjellaren.

I 1955 hadde Rønes Blikkenslagerverksted to tilsette. I 1958 byrja Hallvard Solberg i firmaet. I 1967 løyste han ut halve bedrifta av Per Rønes, og firmanamnet vart endra til Rønes & Solberg. I 1969 kom bror til Hallvard, Anders Solberg, inn som tredje aksjonær.

I 1971 bygde dei verkstadlokale på ei tomt som var bygsla av Kristian Vik. Bygget var på 500 m2. Etter kvart kom blekkslagararbeidet noko i bakgrunnen. Verksemda byrja i 1971 å produsere lakkanlegg til møbel- og trevareindustrien. Elles vart det laga mekaniske delar og tynnplateprodukt til møbel- og bygggeindustrien.

Eit viktig satsingsområde for bedrifta vart produksjon av komplette stålbygg. Solberg A/S stod som totalentreprenør for fleire næringsbygg både på Sunnmøre og vidare utover i landet. Fram til midten av 1980-åra leverte dei seks til åtte bygg i året. Fram mot 1990 merka firmaet effekten av minkande byggeaktivitet.

Solberg A/S kompenserte denne reduksjonen ved å legge større vekt på underleveransar. Mellom anna investerte bedrifta i utstyr for produksjon av svingmekanismar til kvilestolar.

I 1982 gjekk Hallvard Solberg ut av bedrifta, og Anders Solberg vart hovudaksjonær. Firmanamnet vart då endra frå Brødrene Solberg A/S til Solberg A/S.

Bemanninga, som var på tre personar i 1968, låg lenge stabilt på 16 personar. Verkstadbygget vart utvida med eit tilbygg på 600 m2 i 1977. I 1986 kom det eit nytt tilbygg på 1450 m2. Samla golvflate var pr. 1990 2700 m2. I 1999 vart verksemda teken over av Sykkylven Stålindustri AS.

Kjelde