Spanskesjuka i Ål legedistrikt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Spanskesjuka nådde Ål legedistrikt (som dekte kommunane Ål og Hol) i juli 1918. Dei fyrste tilfella vart registrert på Ål 2. juli 1918, på Geilo 8., Ustaoset 11. og på Finse 12. juli. I alt vart 66 tilfelle registrert i juli. Deretter virka det som sjuka slepte taket med berre 7 tilfelle i august og 11 i september. Frå oktober kom det så ei ny bølge, og i november hadde legedistriktet 716 tilfelle, før smittetalet sank til 100 i desember. Til saman vart over 1000 sjuke i Ål og Hol. Av dei døydde 22, og av dei att var 15 utan underliggjande sjukdom.

Lars Reinton skriv svært knapt om spanskesjuka i andre bandet av Folk og fortid i Hol (1943). Han nemner at 1058 vart handsama for influensa i 1918, samanlikna med året etter. Med den talande tilføyinga: “Det var spanskesjukas tid.”

Frå 1903 var Hans Bruun distriktslege i Ål. Han var politisk engasjert for Venstre og sat mellom anna i kommunestyret. I 1917 vart han vald som ordførar, men allereie året etter måtte han be seg fritatt, av di han fekk meir enn nok å gjera som lege.

Bruun observerte at sjukdomen spreidde seg gjennom reiser. I følgje helserådsprotokollen i Ål vart alle møte og samlingar forbodne frå byrjinga av november og fram til jul 1918, for å hindre smittespreiing.

Kjelder og litteratur