Suistugu (Bykle gnr 15/57)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Suistugu
Gjerden 57g.jpg
Suistugu pr 30.06.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1977
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 57
Type: Bustadeigedom

Suistugu har tomt nr 11 i Nedre Sarv i Bykle. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1977, og Bykle kommune fekk opp hus her året etter. Då huset var ferdig, flutte Arne Tronsen inn. Etter kvart fekk han seg også huslyd med seg her.

Arne Tronsen.
Foto: Setesdølen
  • Arne Tronsen, f 1949
g 1. m lærar Gunnveig Kaarvann, f 1947, busett Valle. Born:
  • Asbjørn, f 1983
  • Trond Erlend, f 1986
g 2. 2000 m museumsstyrar Anna-Stella Karlsdottir, f 1955

Arne Tronsen er frå Ulefoss, og son åt Asbjørn og Edna Tronsen. Han kom til Bykle som rådmann i desember 1975, og sto i den stillinga ut fyrste halvår 1995, avbrote av eit års permisjon i 1992. Fyrste tida budde han i sokkeletasjen i huset åt Knut Gjerden, Asparås, bnr 32, i åra 1978 til 1987 heldt han til her, og i perioden 1987 til 1993 hadde han eitt av husa i Kyrkjelii. I det sistnemnde året flutte han åt Valle, der han nå er direktør i Setesdal Utvikling.

Dei som budde her i åra frå 1987 til 1991 var familien Nordheim. Dei flutte hit frå Reine i Lofoten.

  • Roy Nordheim, f 1948
g m Torunn Nakken, f 1957. Born:
  • Vivi, f 1988
  • Thomas, f 1989
  • Judith, f 1991
  • Karl Kristian, f 1992

Roy Nordheim er fødd i Vestvågøy, og son åt Judith og Ragnar Kristian Nordheim. Han var ingeniør i Bykle kommune. I 1991 vart han sjef for det kommunale vassverket i Oppegård, og han og familien flutte då dit. Torunn Nakken Nordheim er frå Oslo, og dotter åt Karl F. og Petra K. Nakken. Ho er lækjar av yrke.

Dei neste som budde her var familien Øybekk.

  • Asgeir Øybekk, f 1961
g m Kari Ann Jørdre, f 1965. Born:
  • Vilde, f 1992
  • Synne, f 1997
  • Ane, f 1999

Asgeir Øybekk er frå Arendal og son åt Sigrunn og Olav Øybekk. Han er ingeniør, og var tilsett i Bykle kommune i den tida dei budde her. Kari Ann Jørdre er frå Granvin, og dotter åt Berit og Knut Jørdre. Ho er jordmor.

Familien Øybekk flutte til Arendal i 1998. Etter dette budde Lill Grethe Tveiten og Aivon Baretto her, inntil dei flutte inn i sitt eige, nybygde hus i Byklum (sjå Myri 3, gnr 14, bnr 70) i 2002.

Då huset vart ledig att, vart det kaupt av Knut og Gunn Oddveig Trydal. Knut er frå Trydal Der inne, bnr 1, og eig det bruket. Han er son åt Dreng Torsson Trydal og kona, Borghild Knutsdotter, fødd Trydal. Knut og familien hans budde i eit hus i Nedre Sarv, Kraftly, bnr 83, frå 1986 til 1995, men i det sistnemnde året flutte dei til Trydal Der inne. Dei var der til 2002, og dreiv då garden ved sidan av dei andre arbeidsoppgåvene sine. I det sistnemnde året avslutta dei gardsdrifta, kaupte huset her og flutte til Kyrkjebygdi att.

  • Knut Drengsson Trydal, f 1962
g 1986 m Gunn Oddveig Løyland, f 1969. Born:
  • Kim André, f 1987, d 2000
  • Helene, f 1990
  • Ole Henrik, f 1992
  • Kent Magnus, f 2002

Gunn Oddveig Løyland Trydal er dotter åt Øyvind Knutsson Løyland frå Myri under Løyland i Valle, og kona Grethe, fødd Knudsen. Desse kan ein lesa noko lite meir om i avsnittet om huset deira på Hovden. (sjå Fjellhaug, gnr 2, bnr 186, jfr. Valle VI, 138). Knut er ingeniør i Agder Energi (tidlegare i I/S Øvre Otra). Gunn Oddveig arbeider på Bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Suistugu (Bykle gnr 15/57) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solberg • Neste bolk: Wattsbu