Surinam
Surinam er eit land i Sør-Amerika. Det grensar til Atlanterhavet i nord, til Guyana i vest, til Brasil i sør og til Fransk Guyana i aust. Landet har om lag 630 000 innbyggjarar (2024).
Surinam har ei lang historie som nederlandsk koloni: Landet vart uavhengig frå Nederland i 1975, og einaste offisielle språk er nederlandsk. Andre språk som nyttast mykje er sranan tongo (kreolspråk bygd på engelsk, nederlandsk og afrikanske språk), hindi, sarnami (ein lokal dialekt av hindi), engelsk og javanesisk, dette speglar den etniske samansettinga i landet.
Surinam har om lag tretti prosent av indisk avstamming, litt over tjue prosent maronar, femten prosent kreolar, fjorten av javanesisk avstamming, tretten prosent blanda og åtte prosent andre etnisitetar.
Historie
Surinams historie har sterke likskapar med historia åt nabolanda, slik som Guyana og karibiske øystatar. Dagens Surinam vart fyrst kolonisert av England, mens Nederland etablerte seg i dagens Guyana. Etter ein krig slutta England og Nederland fred ved ein avtale i Breda i 1667, der Nederland fekk Surinam, mens England fekk Nieuw Amsterdam, som i dag er New York. Så vel Surinam som Guyana vart utvikla som nederlandsk koloni under namnet Nederlandsk Guyana fram til 1795, og nederlendarane henta hit mange slavebundne afrikanarar og utvikla plantasjeøkonomien.
Storbritannia erobra dagens Guyana under Napoleonskrigane, stadfesta i Wienerkongressen av 1815, mens dagens Surinam vart verande som nederlandsk koloni. Slaveriet vart avskaffa fyrst i 1863, og det varte til 1873 før slavane vart frigitt i røynda. Dei nederlandske kolonistyresmaktene henta da inn kontraktsarbeidarar frå India, Java og Kina, som i mange tilfelle arbeida under slaveriliknande tilhøve.
I 1951, etter andre verdskrigen, fekk Nederlandsk Guyana indre sjølvstyre, og Kongeriket Nederlanda vart omorganisert i 1954 slik at Nederland, Surinam og Dei nederlandske Antillene i prinsippet vart likeverdige einingar innanfor kongedømet. I 1975 vart Surinam ein uavhengig republikk.
Norge og Surinam
Per 2025 bur det 41 personar i Norge som enten er født i Surinam, eller født i Norge av surinamske foreldre.[1]