Svartdal kapell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Svartdal kapell.
Foto: Roy Olsen (2024).
Foto: Roy Olsen (2024).

Svartdal kapell står i Minnesjorddalen i Svartdal i Seljord kommune. Det vart oppført i samband med ferieeigedomen Melsombu av drammensaren, konsul og papirgrosserar Gunnar Melsom. Kapellet er ein kopi av Eidsborg stavkyrkje i Tokke, men er gjort litt mindre enn sitt forbilde. Det er 11 meter langt og 7 meter breidt og har 44 sitjeplassar og 16 ståplassar. Kapellet vart sett opp av laftetømmer og materialar frå gamle sjøbodar i Drammen og sto ferdig i 1959. Den 29. august same år vart det vigslet av biskop Kåre Støylen.

Kapellet er rikt utsmykka, og ein del av gjenstandane er henta frå Italia. Taket er måla av kunstnaren Torstein Rønjom frå Åmotsdal.

Kapellområdet er for det meste omgitt av skigard, men med litt steingard på sidene av portalen. Aust for kapellet står ein støpul med tre klokker. Utanfor inngangsdøra står ein stein med denne innskrifta: «Til minne om Signe og Gustav Melsom». Det er foreldra til Gunnar Melsom.

Kapellet er skild ut som eigen eiendom med gnr. 73/22 og har adresse Svartdalsvegen 601.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 59.62785° N 8.50425° Ø