Sverre Høgset

Sverre Høgset (fødd 11. november 1907 i Beiarn, død 7. oktober 1989 i Bodø) var frå 1935 fotograf og gardbrukar i Misvær og frå kring 1958 pressefotograf i Bodø.

Slekt og familie

I folketellinga 1910 står han oppført som Sverre Albertsen, son av gardbrukar Kristian Hagerup Johansen (f. 1876) og Ragna Kristiansen på garden Høgset.[1] Dette må vere pleieforeldre, for ved dåpen er foreldra oppgjevne å vere ungkar Albert Olai Edvardsen (f. 1886) og pige Ingeborg Kristine Storjord (f. 1885).[2] Ifølge bygdeboka for Skjerstad vart han adoptert av Kristen Hagerup Johansen.

Den 2. januar 1943 vart han gift med Magda Helene Kristiansen (1903–1958) frå Gildeskål.[3] Ho hadde to born frå før, Arild Karl Helmer Borge (f. 1923) og Oddmund Andreas Simonsen (f. 1932). Saman fekk dei dottera Ragnhild Kristine Høgset (f. 1944).

I 1964 vart han trulova med Kitty Andersen frå Soløyvik.[4] Da han døde i 1989 brukte Kitty Andersen formuleringa «min gode venn» i dødsannonsen, så det er uklart om de noen gang gifta seg.[5]

Liv og virke

Han fekk i 1933 eit stipend på 400 kroner til fotografutdanning på Trondheims fagskole.[6] Han leverte seinere mange bilete til Nordlandsposten, og opna fotoforretning i Misvær.

Høgset var aktiv i Ungdomslaget Heimen, der han bland anna var dirigent for koret, og i Salten Ungdomslag. Han var ein ihuga målmann.

Etter at han vart enkemann i 1958 flytta han til Bodø.

Han vart gravlagt frå krypta i Bodø domkirke den 13. oktober 1989.[7]

Referanser

  1. Sverre Albertsen i folketelling 1910 for Skjerstad herred fra Digitalarkivet.
  2. SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 846/L0647: Ministerialbok nr. 846A05, 1902-1915, s. 31 i Digitalarkivet.
  3. «Ekteskap» i Nordlandsposten 1942-12-29. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. «Forlovelse» i Nordlands Framtid 1964-09-18. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Dødsannonse i Nordlandsposten 1989-10-10. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. «10 000 kr. til Nordland fylke i stipendier» i Nordlands Framtid 1933-05-15. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. «Gravferd» i Nordlands Framtid 1989-10-20. Digital versjonNettbiblioteket.

Kilder


  Sverre Høgset er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!