T. Blomberg Konfeksjonsverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

T. Blomberg Konfeksjonsverksted var ein skreddarverkstad i Sykkylven. Verksemda vart skipa av Thomas Blomberg i 1930.

Begge foreldra til Thomas Blomberg var skreddarar, og han slo tidleg inn på den vegen sjølv. Han arbeidde hos Ole T. Lied den tida han dreiv skreddarverkstad i Stordal.

I 1915 fekk Blomberg skøyte på bruket Bakkelund på Klokk i Ramstaddalen. Der dreiv han med konfeksjonssaum og hadde fleire kvinner i arbeid. I 1922 fekk han på nytt arbeid hos Ole T. Lied. Då var Lied vel etablert i Sykkylven, og gjennom giftarmål var dei to blitt svograr. Blomberg var ved Fønix fram mot 1930. Då starta han eigen skreddarverkstad på Aure. Den dreiv han til huset han heldt til i vart lagd i oske under den store brannen i august 1939.

Kjelde: