Theodor Aavang

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Theodor Aavang. Sjølvportrett, ca 1909.
Foto: Thor Westbø 2005

Theodor Aavang (1883 – 1964) vaks opp i Kristiansund. Der var det tidleg folk som såg at Theodor hadde anlegg for teikning. Han fekk hjelp til å kome til Bergen for å gå Teknisk aftenskole. Det blei starten på eit liv som kunstnar. Aavang oppheldt seg i to periodar i Volda, og som kunstnar sette han sine spor i dette lokalmiljøet.

Oppvekst og tidleg utdanning.

Theodor Aavang. Halkjelsgata 1912
Foto: Fredd Brekke 2005

Theodor var 16 år då han kom til Bergen for å få si første utdanning. Mange som ønskte å bli kunstnarar på hans tid, fekk si første utdanning ved teknisk skule. Her kunne dei få ei viss utdanning i teikning. Theodor var elev ved teknisk skule i Bergen skuleåret 1900-1901.

Kunstnaren Asor Hansen var lærar i frihandsteikning. Han må ha sett at den unge Theodor Aavang hadde evner som kunne utviklast vidare. Vi finn nemleg Theodor som elev ved Hansen sin private malarskule frå 1901 til 1903. Grunnen til at han kunne vere elev i tre år, var truleg at han fekk hjelp av mora som flytte til Bergen og dreiv møbelforretning der. Theodor hadde god framgang på malarskulen. I 1902 hadde han arbeid på ei elevutstilling i Bergen Kunstforening, og ein av meldarane skreiv om arbeida hans: «Der er i alle hans arbeider noe som vitner om hans store talent, noe som virker originalt og stort sett». Når han kunne vise til slike vurderingar, var det pengesterke personar i Bergen som var villige til å hjelpe han vidare fram. 15 framståande menn i byen gjorde det mogleg for Theodor å studere vidare i København.

Vidare utdanning

Theodor Aavang. Rotsetgeila. 1912
Foto: Fredd Brekke 2005

Theodor Aavang vart tatt opp som elev ved Kristian Zartmanns skole i København i 1903. Denne skulen hadde på Aavang si tid godt renommé, ikkje bare i Danmark men også vidare utover i Norden. Her studerte Aavang frå 1903 til 1905. Med dette var den formelle utdanninga hans over. Men Aavang søkte seinare kontakt med andre kunstnarar for utvikle seg vidare. Han budde t.d. i periodar hos Nicolai Astrup i Jølster for å lære av han. Han malte då ein del av dei same motiva som Astrup malte, og truleg har dei diskutert resultata etterpå. Astrup skreiv: «Han er meget begavet synes jeg – han kommer til å gjøre noget her på Vestlandet». Den kunstnarlege utvikling hans vidare kom for det meste gjennom eige arbeid.

Aavang sin karriere vidare.

Aavang var altså ein lovande kunststudent, og han vart spådd ein lysande karriere som kunstnar. Men som for så mange andre lovande unge, vart ikkje kunstnarkarrieren slik han sjølv hadde drøymt om, og slik andre hadde spådd. Det vart vanskeleg med inntekter som kunne gi han ein tilfredstillande levemåte. Han deltok på kollektivutstillingar i 1906 og 1907. Omtalane han fekk på desse utstillingane var heller negativ. Etter eit opphald deltok han igjen i 1910. Han hadde då lagt om sitt kunstnarlege uttrykk, truleg for å kome kritikken i møte. Han blir nå meir «vennleg» mottatt, utan å møte den store interessa. Men ikkje slik at hann vart oversett. Bergen Kunstmuseum kjøpte inn tre Aavang-bilde. Bergen Kunstforening kjøpte to gonger bilde til den årlege utloddinga mellom medlemmer. I 1911 blei han godtatt ved Statens Høstutstilling. Men utanom dette var det nok heller smått med merksemd og sal. Helsa begynte også å skrante.

Det blei altså vanskeleg å livnære seg som kunstnar. Aavang opplevde ein motgang som var vanskeleg for han å bere. Situasjonen vart ekstra vanskeleg då mora flytte frå Bergen. Det blei då slutt på den støtta han hadde fått av henne. Derfor levde Aavang ganske fattigsleg, og i tillegg usunt, slik at helsa skranta.

Aavang i Volda

Dette var nok grunnen til at Aavang i åra 1912 til 1914 oppheldt seg for det meste i Volda. Når det vart Volda, var nok grunnen at mora hadde flytta hit for å drive eit hotell.

I Volda hadde Aavang igjen husrom hos mora. Vener ga han også ei viss hjelp. Han kunne derfor male, og han dekk selt nokre arbeid. Eitt av desse, "Halkjelsgata 1912", gir god dokumentasjon på eit kjent lokalt gatemotiv, til og med fleire kjende voldingar som modellar. Dette bildet er nå på kafeen i Volda omsorgssenter, og er såleis eit maleri som svært mange voldingar i dag kan sjå ofte.

Theodor Aavang var tilbake i Volda, truleg i 1918. Han hadde då vore til sjøs i nokre år. Under reisene sine hadde han malt, truleg akvarellar, og han var nå tilbake med voner om sal. Historikaren Jostein Nerbøvik meiner at dette var den første kunstutstillinga i bygda. Vonene om inntekter vart brutalt brotne.

Ein av venene hans fortel i ettertid at « --- det var få som umaka seg å sjå utstillinga». Berre eitt bilde vart selt, og « --- Aavang gret sine modige tårer då».

Dette var nokre få år før kunstnarkarrieren til Aavang var over. Aavang sitt liv kan nok vere eit eksempel på kor vanskeleg livet har vore for mange med kunstnarlege talent. Men på Omsorgssenteret i Volda vil Theodor Aavang «leve» lenge ennå.

Kjelder

  • Birkeland, Narve F.: Kunstnaren Theodor Aavang og Volda. I Voldaminne 2005.



Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Theodor Aavang er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.