Tinghaugvegen (Sauherad)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tinghaugvegen på Gvarv/Lindheim i Midt-Telemark kommune går fyrst som gang- og sykkelveg frå Skrivarvegen på sørsida av Gvarvgata (fylkesveg 360) og passerer i tunnel under denne og vidare gjennom skuleområdet. Etter dette fortsett han som vanleg veg austover langs Gvarv stadion og ender i Nyhussvingen. Han er 1 193 meter lang, går i jordbrukslandskap og passerer fleire Lindheimgardar.
Vegen har namn etter den gamle tinghaugen som ligg attmed vegen og blei namnsett i 1999.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune: Veger navnsatt av kommunestyret, liste frå 1999.