Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)
Torsbergåsen er ein 228 meter lang blindveg på Nordbø i Bø i Midt-Telemark kommune. Vegen går aust- og nordover frå Huldrevegen i Torsbergåsen bustadfelt som består av 11 einebustader.
Vegen blei namnsett i 1999. Kva som ligg til grunn for namnet Torsbergåsen, veit ein ikkje, men det kan skuldast ei mistyding. Namnet er ikkje kjent frå gamalt av, men det er derimot Torskåsåsen. I 1825 kjøpte Halvor Torsteinsson på Nordistugu Nordbø Huldrejordet og Torskåsåsen frå Oppistugu Nordbø ifølgje Bø-soga.
Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde i Nistugu Nordbø heile livet, meinte namnet Torsbergåsen var feil, og at det rette var Torskåsåsen.
Vegen hadde tidlegare også ei nordgåande grein. Denne fekk endra namn til Huldrevegen (etter Huldrejordet) i 2021.
Sjå også
Kjelder
- Kommunekart: Torsbergåsen
- Henneseid, Stian. Bø-soga. Utg. Kommunen. 1982-1986?. 1982. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 206 og 208.