Tveits gjestgiveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveit's hotell på gamalt postkort.

Tveits gjestgiveri låg på Tveitsto i Tveitsund i Treungen i Nissedal kommune. Gjestgiveriet heitte opphaveleg Tveit's Hotel, men på folkemunne blei det kalla Malines hotell.[1] Hotellet blei starta av Maline Tveit i 1888.[2]

Kjetil og Maline Tveit dreiv forretning, postkontor og telegraf på Tveitsto attmed hotellet.[3] Under den store brannen i Tveitsund 6. mars 1922 blei familien Tveit hardt råka. Fleire av bygningane deira brann ned, og eitt av husa var hotellet. Ikkje lenge etter branne fekk dei bygd eit nytt hotell i jugendstil på same staden med både uthus og garasje. Hotellet blei mykje nytta til konferansar og møte av forskjellig slag. Det var ikkje verre omreisande som var innom, men også bygdefolk.

Maline blei tidleg enke, men dreiv hotellet i fleire årtier etter dette. Drifta opphøyrde omlag 1945. [4]

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 270.
  2. Sætherskar, 1949, s. 858.
  3. Åsen, 1978, s. 190.
  4. Åsen, 2000, s. 271.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Gard og ætt : Treungen sokn, Nissedal, 1978. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Kultursoga: 1900-1999, Nissedal, 2000. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.