Tysnes Helselag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Programhefte for Tysnes Sykepleieforening 25 års-jubileum 6. april 1941

Tysnes Helselag vart stifta i 1916 som Tysnes Sykepleieforening, som opp gjennom åra vart delt i ei rekkje lokale helselag kringom i bygdene i Tysnes kommune, for så å bli samla under ein felles paraply att på 1950-talet under det noverande namnet Tysnes Helselag, samstundes som dei lokale laga kringom i bygdene i kommunen heldt fram med sitt arbeid. Laget løna til ei kvar tid ein sjukepleiar fram til 1970.

Tysnes Sykepleieforening

Tida etter 1900 var merkt av vilje til opplysning, rettleiing og helsestell. I 1902 vedtok heradstyret i Tysnes å kjøpa inn skriftet «Forholdsregler for tæringssyge», og dette var i ei tid då denne sjukdomen herja — ikkje minst mellom ungdomen. I åra etter fyrste verdskrigen kom spanskesjuka som ei ny svipa og reiv bort mange. Men etter kvart gjorde opplysning og betre stell, meir reinsemd og høve til sanatorieopphald og sjukehushjelp sitt til for å stagga både farangar og smittefarlege sjukdomar. Sjukepleielag vart danna kring i bygdene, dei gjorde eit stort arbeid og fekk i kvart sokn tilsett sjukepleiarar som vandra kring i heimane der dei sjuke kunne få røkt og hjelp, og dette vart eit stort framsteg. Eit stort framsteg var òg ordninga med sjuketrygd frå 1909.

15. mars 1916 møttest det fyrste styret i den nydanna Tysnes Sykepleieforening i prestegarden på Tysnes, under leiing av dåverande sokneprest Olav Thormodsæter. På dette møtet vart det utarbeidd lover for laget sitt framtidige virke. Seinare vart desse lovene endra ved fleire høve, fyrste gongen i 1922, ettersom tilhøva endra seg. Det er interessant for oss å lesa desse vedtektene i dag, fordi dei fortel så mykje om korleis det var å vera sjuk og ufør den gongen, og kva oppgåver dei som pleia dei sjuke stod overfor. Me skal heller ikkje gløyma at Tysnes Sykepleieforening vart organisert då spankesjuka herja, som også råka folk på Tysnes. Det var heller ikkje så mange tiåra sidan det hadde funnest fleire spedalske i kommunen. På desse tider råka også tyfus og såkalla engelsk sjuke somme, seinare var det turberkulose og polio som gjorde nokre invalide. Og sjølvsagt var det også psykisk sjuke.

Foreiningen sin paragraf 1 lød slik;

"Foreningens formål er, dels ved en eller flere av foreningen ansatte troende sykepleiersker, dels på annen måte å dra omsorg for pleie av syke, svake og gamle både i timelig og åndelig henseende, fremme sykepleien og rensligheten og å motvirke sykdom innen bygden."

Både menn og kvinner kunne vera medlemmer. Kvinner slapp med halv kontigent, 50 øre, mens mennene kunne betala 1 kr. årleg eller 20 kr. for eit livsvarig medlemskap. Elles var "den til enhver tid fungerende sogneprest og distriktslæge" sjølvskrivne medlemmar.

Tysnes Sykepleieforening vart oppretta i ei tid då det knappast fanst offentleg helsestell. Vart ein sjuk innebar det som oftast ei økonomisk bør, og den sjuke vart ofte liggjande heime og måtte stellast av pårørande. Men foreningen tok sikte på å ha ein sosial profil, som det heiter i dag, for alt i 1916 heitte det i sykepleieforeningen sine vedtekter at pleien "ikke inskrenkes til pleie av foreningens medlemmer og deres husstand, men omfatte alle syke. Ubemidlede syke pleies uten godtgjørelse."

Utlån til sjuke

Tveit helselag avbilda i 1948. Bak frå venstre: Dorthea Øvrevåge, Anna Nymark og Gina Hovland. Framme frå v: Brita Li og Anna Myklebust. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Ein gong i månaden møttest medlemmene, og då kasta dei ikkje bort tida. I vedtektene heitte det at "ved månedlige sammenkomster av de lokale foreningers kvinnelige medlemmer opsyes basargjenstander samt håndklær, lommetørklær, putevar, lakener o.s.v., som has til gaver eller utlån til de syke."

Det skulle også skaffast utstyr til sjukepleiersken som til ei kvar tid var i teneste, som spytteflasker, spyttekrus, termometre, uringlass, bekkener, luftputer og irrigatorer, samt tildels sengeutstyr som oljelerret og lakener. Når det ikkje var i bruk vart utstyret oppbevart hos tre medlemmer i styret, på Gjerstad i Tysnes, i Lunde og på Reksteren. Det var nemleg slik at det vart danna fleire lokale lag, som var underlagt eit sentralstyre. I 1919 vart det såleis oppretta ei lokalforeining av sjukepleielaget i «Godøens skolekrets». Lunde helselag vart danna i 1917. Også på Reksteren var det eit slikt lag, frå 1919. Tveit krets av Tysnes Helselag kom i arbeid i 1918 og heldt det gåande til ut på 1980-talet. Onarheim sykepleielag vart oppretta i 1919, for å få til ei skikkeleg ordning med pleie og tilsyn av eldre og sjuke i Onarheim. I 1954 vart namnet endra til Onarheim Helselag. I samband med avviklinga av helselaget på 1970-talet, vart Onarheim bygdelag danna i staden.

Økonomien var som eit lappeteppe. Ein fekk inn pengar på mange vis, gjennom innbetaling av kontigent, offerdag i kyrkjene, sal av maiblomsten, julemerke og julelodd, bidrag frå Tysnes Sparebank og Tysnes trygdekasse, bidrag frå private og testamentariske gåver. Det vart også arrangert ein årleg basar. I mange tilfelle, der den sjuke ikkje kunne betala for seg, vart det ofte til at sjukepleiaren gav hjelp utan vederlag. Om det var midlar til det, stod også dei lokale helselaga for utdeling av klede og styrkemidler samt medisin.

Rapportar frå 1931

Først i 1931 tok dei til med å føra rapportar, slik at me i dag kan få eit inntrykk av arbeidsmengda i desse åra. Frå 1931 til 1939 vart det utført i Tysnes krets 709 døgns pleie og 689 besøk, dvs. i gjennomsnitt 88 døgns pleie og 76 besøk pr. år, i Lunde 416 døgns pleie og 268 besøk, eller 46 døgns pleie og 30 besøk pr. år, i Godøens skulekrets 9 døgns pleie og 5 besøk pr. år, og på Reksteren i alt 210 døgns pleie og 61 besøk, eller 23 døgns pleie og 7 besøk årleg. Av desse tala kan me sjå at det var eit stort behov for denne typen tenester. Dessuten har pleierskene i same tidsrom utført 33 døgns pleie i Uggdal og 24 døgns pleie i Onarheim, ettersom desse krinsane var utan pleiersker ei tid. I tillegg assisterte dei distriktslegen ved den årlege skulebarnsundersøkinga i alle foreningen sine krinsar, og utførte førti reiser med sjuke til sjukehus. Dette var altså på 1930-talet. Om ein prøver å tenkja seg kommunikasjonane den gongen, utan bil og som regel anten til fots eller med båtskyss, så kan ein jo sjølv tenkja seg korleis det var å vera sjukesøster.

Det var stor opplsutnad kring desse foreningane. I Tysnes krins låg medlemstalet gjennomsnittleg på 100 personar, 40 i Lunde, 40 i Godøen krets og 25 medlemmar på Reksteren. Alle desse laga hadde syforeningar og heldt årlege basarar, i tillegg til faste møter. Det fungerte nok til sjuande og sist som ei felles sjukeforsikring for alle.

Under ein felles paraply

Tysnes helselag har gjennom 100 år bidrege til glede og trivsel i Vågebygda. Dei fem damene i styret i laget treffest regelmessig i underetasjen i Tysnes Trygdepensjonat sine bustadar i Peralio. Utanfor er hagen, som dei tek seg av. Alle gler seg til våren kjem for fullt, og bebuarane igjen kan fryda seg over ein hage full av flotte fargar. F.v. Marit Tysnes, Anne-Lise Holmelid, Ingeborg Tysnes og Bertha Karin Singelstad (ikkje til stades: Reidun Frøyseth). Foto: Randi Kleppe, bladet Tysnes.

I 1954 var det eit skifte, då dei forskjellige kretsane vart samla under ein felles paraply, i det laget som me no kjenner som Tysnes Helselag. Men det innebar ikkje at dei ymse krinsane vart nedlagde, tvert om heldt arbeidet her fram som før.

Det var distriktslege Olav Nybø som tok opp tanken om ei samanslåing. Han nemnde det ved fleire høve i foredraga han heldt rundt i bygdelaga, og slik vart det. På eit møte i Jensvoll bedehus sundag 13. juni 1954 vart det vedteke at dei tre helselaga i Tysnes, Uggdal og Onarheim skulle slå seg saman til eitt lag med namnet Tysnes Helselag. Men det skulle framleis gå 10 år til Reksteren kom med, det var i 1964. På det første årsmøtet som vart halde i Reksteren, det var i 1967, kom ein god del folk med motorkutteren "Stussvik" trass i snø, is og glatte vegar, kan årsmeldinga frå den gongen fortelja.

Samanslåinga av dei lokale bygdelaga skulle visa seg å bli ei god avgjerd, også fordi kommunen kom meir på banen og bidrog med eit stort tilskot til helselagsarbeidet.

I 1963 hadde Tysnes Helselag telefon nr. 3, det var den tida då det var telefonsentraler i bygdene når ein trengde å slå på tråden. Helselaget løna ei sjukesøster i full stilling, med ei løn på 14 810 kr i året. Kapitalen for laget var kr 5 549. Rekneskapen syner elles at laget hadde 962 medlemmar, og kontigenten var 2 kr. Frå stat og trygdekasse kom det eit tilskot på 9000 kr. til heimesjukepleie.

Om me gjer eit langt hopp og ser på årsmeldinga for 1990 har mykje skjedd: Helselaget har kjøpt andelar i Peralio Servicesenter, og har også stått som arbeidsgjevar for personar som har arbeidd gjennom "Arbeid for trygd". Laget har som før drive med hår- og fotstell for pensjonistar. Årsmeldinga for 1984 fortel at ca. 100 damer har fått hårstell og ca 60 har fått stelt føtene sine. Vidare støtta laget opp om ei rekkje tiltak, gjerne i form av gåver eller tilskot: pengegåver til nyfødtmedisin og eit smertestillande apparat, andelar i Tysnes Helsepensjonat, tilskot til fysioterapi og ultralyd, og laget bidrog til helsekontrollar og heimesjukepleie. Og som i alle år skaffa helselaget inntekter frå sal av Nasjonalforeningen for folkehelsen sine hjartelodd, landslotteri, maiblomster og julemerker. Men trass i auka engasjement ser me også av årsrapporten at medllemstalet er meir enn halvvert, til 350.

Helselaget fungerte også som ein viktig pådrivar for det kommunale helsearbeidet. I juni 1968 sendte helselaget ei skarp henstilling til Sosialdepartementet om at Tysnes kommune måtte få behalda løyvingane til turnuskandidat. Det fortel sitt om kor ein aktiv del helselaget var i kommunen sitt helsestell. Samanlikna med i dag var det nok ikkje berre-berre å arbeida som helsepersonell. I 1969 vert det slege fast at sjukesøstera som var tilsett i Tysnes Helselag ikkje hadde rett på overtidsbetaling på vanlege yrkesdagar etter kl. 16 - styret fann det til og med "urimeleg", ettersom det ikkje alltid var fullt opp å gjera før kl 16. alle dagar. I tillegg kom den tungvinte reisemåten når sjukesøstera skulle forflytta seg rundt i kommunen, og mangel på utstyr som er sjølvsagt i dag.

Ingeborg Tysnes

Det er ein person som ikkje er til å koma utanom i ei oversikt som denne – og det er Ingeborg Tysnes, som var tilsett som den fyrste fullt utdanna sjukepleiaren i Tysnes Helselag. Det var i 1968, og då ho gjekk over som tilsett i kommunen i 1970 var det slutt på sjukepleiarar i helselaget sin regi, då overtok kommunen alt helsestell. Løna til Ingeborg kom frå Sykepleierforeningen. Som nemnd var det eit tungt arbeid, med mykje strevsam reising vinters tid, over fjellet til Onarheim eller på sjukebesøk på Reksteren. Då var det gjerne å ta ferje eller å få båtskskyss, så var det drosje vidare om ho var heldig, eller å gå til fots. Ein gong måtte dei ta ein pasient som skulle leggjast inn på sjukehus med seg med hest og slede, og så over i drosje og vidare med ferje som måtte rekvirerast, og Ingeborg sjølv måtte reisa heimatt via LeirvikStord og derfrå med båtskyss til Onarheim, og drosje resten av vegen til Våge for å koma heim. Berre det å få ringd nokon på telefonen var tungvint. Nokre budde så langt utanfor allfarveg at ho måtte reisa heim til dei for å vaksinera ungane. Eingongsutsyr fanst ikkje, alt måtte vaskast og steriliserast etter bruk, og aviser var ofte i bruk i mangel av serviettar.

Ingeborg er i dag leiar for helselaget, det har ho vore sidan 2009, før henne var det mor hennar Petra Epland som var leiar i 17 år, og før henne igjen leia Berta Sandvik laget i 22 år. Men når dei er nemnde, så skal det også seiast at svært mange menneske har vore innom laget, som har vore delt i mange lokale kretsar, så det er uråd å nemna alle ved namn.

Satsar på trivsel

I dag er Tysnes Helselag aktivt på ein annan måte enn i tidlegare år. Dei får tildelt oppgåver frå Nasjonalforeningen for folkehelsen. Hovudsatsinga er å samla inn pengar til støtte for hjarteforsking og forsking kring demens – begge desse forskingsområda har dei siste åra fått ei støtte på 10 000 kr. kvar frå laget. Ein gong i månaden er det møte i Peralio Servicesenter med dei som bur der, då er det bingo og trim. Laget har elles gjeve pengar til ei lang rekkje formål som har med «helse» i ei utvida tyding å gjera, det kan nemnast innkjøp av matte i Tysneshallen, ansvar for å halda ved like bedet ved minnestøtta ved Tysnes kyrkje, bidrag til julebelysning i Våge, oppvaskmaskin i Peralio Servicesenter, og støtte til både ungdomshus og bedehus – kort sagt, ei rekkje tiltak som har med trivsel å gjera, og som kjend er trivsel av avgjerande tyding for helsa.

Kjelder og littertatur

  • Program til 25-års jubileum for Tysnes Sykepleieforening 6. april 1941
  • Knut Rage: Tale til 100 års-jubileet for Tysnes Helselag 20. mars 2016
  • Lokalhistorisk arkiv i Tysnes, katalognummer 25/89
  • Ingeborg Tysnes, intervjua av Knut Rage 05.02. 2016
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 1-4. Utg. Tysnes Sogelag 1986-1991
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njadarlog. Utg. Tysnes Sogelag 1975.