Ullavik Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ullavik Møbelfabrikk AS»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ullavik Møbelfabrikk AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert under namnet Møbelfabrikken Formfin A/S i 1935. Like etter oppstartinga vart namnet endra til Ullavik Møbelfabrikk A/S. Nokre år seinare, i samband med eit eigarskifte, fekk bedrifta igjen nytt namn, Lunheim Møbelfabrikk.

Lars J.A. Aure og Guri Aure selde tomt til aksjelaget som stod bak verksemda for 1600 kroner. Parsellen vart utskild frå bruk nr. 4 på Aure. I den to etasjes fabrikken som vart bygd, vart det i første rekkje produsert finerte soveromsmøblar. Bedrifta hadde både snikkar- og lakkavdeling.

Karl Johan Eidem, som var ein av aksjonærane, var samstundes forretningsførar for bedrifta. Dei andre aksjonærane var Jens Andestad, Alfred Aure, Ivar og Konrad Ramstad, Jonas Sandal, Petter Aure, Peder L. Fauske, Elias Vatne, Petter og Martin Aursnes.

Etter knappe to års drift vart møbelfabrikken seld til interiørarkitekt Knut Maaseide frå Ålesund. Han gav verksemda namnet Lunheim Møbelfabrikk. For at det skulle bli noko av handelen med Knut Maaseide, måtte arbeidarane gje avkall på 200 kroner av pengane dei hadde til gode i løn. Som motyting fekk dei arbeidsrett på fabrikken.

Knut Maaseide døydde i 1940, og då gjekk bedrifta over til broren Johan Maaseide. I 1941 var det 26 tilsette ved Lunheim Møbelfabrikk. Spesialiteten til bedrifta var småmøblar, men dei laga og spisestove- og soveromsmøblar. Fabrikklokala hadde ei grunnflate på 650 m2. I 1948 brann størstedelen av fabrikken ned til grunnen, og han vart ikkje oppattbygd. Karl Johan Eidem etablerte same året Brødrene Eidem Møbelfabrikk saman med broren Kåre Eidem.

Petter Andestad kjøpte eigedomen i 1956 og dreiv trelast- og byggeforretning der i mange år.

Kjelde